Det var blitt så lyst og fint i veka før påske, at løypeleggjarane fann ut at det var på tide med o-løp i skogen opå siste Vinter-karusell. Jon og øyvind diska opp med flotte løyper for kvelden.
Hald fram med å lese «God deltaking på 6. og siste Vinter-karusell 21/22»Flott Tur-O-Opning på Hedlebrekk
Meir om dette kjem etter kvart…..
Velkomen til 2. kurskveld 2021
Er du klar for å bli med på Kurs i Orientering på Onsdag ?
Det går fint no.
Nasjonale og lokale smittevernsreglar gjer at Suldal O-lag no kan arrangere kurskveld, komande onsdag, 21. april. Me må halde ein viss avstand, men det skal bli kjekt å kunne møtast igjen.
Bli med på Kurs i Orientering – vårens vakraste eventyr
Lær deg orientering – og ver trygg i naturen!
Suldal O-lag arrangerar kvar vår eit kurs i Orientering. Og no er det klart for årets kurs.
Kurset er gratis for medlemmer, og den første kurs-veka, komande veke 15, frå 12-18. april blir også gratis for alle som ønskjer å prøve seg med kartet i handa. Grunna smittevern i høve C-19, blir det ikkje lagt opp til felles oppmøte, no førstkomande onsdag i veke 15.
Les meir om kurset, last ned innbyding, og finn ut korleis du melder deg på kurset. Du vil også finne tips til korleis du skal forstå, og bruke O-kartet, for å finne fram i skogen 🙂
Hald fram med å lese «Bli med på Kurs i Orientering – vårens vakraste eventyr»Påske-løyper ligg ute i Brakåsen
God påske til alle O-entusiastar.
Suldal O-lag måtte desverre avlyse dei 2 siste Vinter-Karusellane før påske. Men no kan du prøve deg på eigenhand, eller saman med familien i 2 påske-løyper i Brakåsen. Du trykkjer karta ut sjølv, eller du kan få kart av Jan Erik, Magnar og Michael.
Desse postane blir liggjande ute til fredag den 17. april, så du har enno tid på deg til å få tatt deg årets første Orienteringstur, anten som trening, eller som tur og trim. Du kan også velje å finne alle postane i området, som tur-O, der du sjølv vel kva rekkjefølgje du vil ta postane.