Prøv deg på Turski-orienteringa til  Suldal O-lag

Vinterferien for Rogaland startar komande fredag 24. februar, og tradisjonen tro har Suldal O-lag også i år eit gratis tilbod om Turski-orientering i Gullingen-området for alle som ønskjer å prøve seg på skattejakt med kart. Suldal O-lag er den einaste O-klubben i Rogaland som tilbyr dette, og det beste av alt, deltaking og kart er heilt gratis!

Hald fram med å lese «Prøv deg på Turski-orienteringa til  Suldal O-lag»

Velkommen til opning av tur-orienteringa 2022

Suldal o-lag inviterer til opning av turorienteringa 2022, onsdag 08.06, ved nedre Mosåno. Det er merka frå Førlandsbrua, der du tek av mot Gullingen-området.

Møt fram litt før kl 18:00. Kjøp konvolutten, som i år kostar 200.-, og ta deg ein tur på jakt etter Tur-o-postane i Mosåno-området 🙂

Etter turen vert det grilling av pølser og servering av drikke i målområdet. O-laget spanderer!

Kor finn ein tur postar i år?

Hald fram med å lese «Velkommen til opning av tur-orienteringa 2022»

Grønn Tur  – gratis og enkel tur-O for alle

Til 17. mai vil Suldal O-lag ha tre ulike grønne turar tilgjengeleg på Nesflaten, Sand og Suldalsosen. Turen passer for alle aldre –  og du kan koma fram med både trehjulssyukkel, barnevogn, sykkel eller rullestol. Der postane er innteikna, vil du finna små post-skilt med både postnummer og postkode (Også med QR-kode). Med QR-koden kan du enkelt registrere posten dersom du tek turen med mobiltelefonen og appen «Turorientering» installert.

Kor får eg tak i kart, tru? – les meir

Hald fram med å lese «Grønn Tur  – gratis og enkel tur-O for alle»