Endeleg var det mogleg å arrangere kurs i orientering igjen! årets kurs-rekkje opna som vanleg med skule-O på dei tri skulane i dalføret. Etter påske har så trenings- og rekrutteringsgruppa med god hjelp av resten av lagets medlemmer hatt 3 onsdagskvelder med kurs.
Hald fram med å lese «God deltaking på kurs i orientering 2022»Godt samarbeid med speidarane på Sand
Søndag 3. april var Suldal O-lag med på Sand KFUM/KFUK sin tradisjonsrike Hompliade på skileike plassen ved Gullingen leirskule. Vêret var litt grått med lett snø i lufta. Men Holympiske eld blei tent med sang av speidarane og leikane kunne byrja.
Hald fram med å lese «Godt samarbeid med speidarane på Sand»Vårens Vakraste Eventyr – skule-orienteringa er i gong
Skule-orientering har lang tradisjon i Suldal. Og også i år har Suldal O-lag laga til flotte løyper og opplegg til Sand, Vinjar og Nesflaten skular. Den store skule-O veka er no i komande veke 14 før påske. Tilbakemeldinga frå skulane er flotte, og samtlege elevar, frå 1.- 10 trinn, skal prøve seg med kartet i handa i neste veke. Sjå karta – ved å trykkje les meir.
Hald fram med å lese «Vårens Vakraste Eventyr – skule-orienteringa er i gong»Første Finn Fram dagen med Suldal O-lag
Søndag 6. juni hadde Suldal O-lag Finn Fram dag, saman med Barnas Turlag 🙂 Dette er første gong Suldal O-lag har eit slikt arrangement, men det blir ikkje det siste! Vêret var også med oss. Litt fuktig i graset, men etter kvart kom sola fram, og det blei ein strålande dag 🙂
Hald fram med å lese «Første Finn Fram dagen med Suldal O-lag»Flott avslutning på kurs i Orientering 2021
Kurs i Orientering 2021 er vel i hamn. Totalt har 45 deltakarar vore i aksjon ein eller fleire gonger på dei 3 kursdagane/vekene. 17 barn og unge har delteke, og 13 av desse skal få premie for fullført O-kurs 21.
Hald fram med å lese «Flott avslutning på kurs i Orientering 2021»