Hei
Nettsida nærmar seg noko, men ennå er det vel ein veg å gå.
Når eg i helga jobba med dette såg eg mange ”hull” i infoformasjonen som blir gitt. Det gjer eg som ein spørjande utanfrå O-miljøet (med eit kritisk blikk).
Eg meiner følgjande meny kan danna eit utgangspunkt for den nye nettsida.
Framsida
(Aktivitet)
-
- Terminliste
- Resultat
- Trening (kva, kor…)
- Kurs
- Tur- og skiorientering
- Miljøsamlig
- Galleri
(Organisasjon)
-
- Om laget (medlemmene, historie, aktivitet)
- Årsmelding
- Kontakt oss / styre
11. Lenker
For punkt 1, 4, 5 og 6 bør det vere ein innleiande kort tekst (som alltid står øvst) som fortel kva dette er. T.d. bør det under under ”Tur- og skiorientering” stå noko om kva O-laget pleier å gjere omkring dette, skiorienteringa er gratis, familievennleg osb. Under kjem nyheitene som: ”Skiorienteringa på Gullingen er klar”, ”50 fullførte skiorienteringa” osb.
Framsida + punkt 1,2,4,5 og 6 bør ha bloggoppsett (nye artiklar først). Dei andre bør ha artikkeloppsett (direkte til ein artikkel/liste/lenker). Galleri er ei samling bilde (som på den gamle nettsida) frå løp, samlingar osb.
Om dette er ei mogleg løysing kunne me i praksis hatt aktivitetsmenyen i venstre marg (som no). Organisasjonsmenyen kan ligge vassrett over den svarte linja i headingen. Malen gir rom for dette.
Lenke til gamal nettside (som ikkje må slettast) må og komme tydeleg fram.
Andre ting:
– Nynorsk språkpakken for Joomla må inn
– Komponent som tek komprimering av bilde automatisk ved innlegging.
– Komponent som gjer det greitt å leggje inn dokument og lenke til dette
– Gallerikomponent
– Sjekke/legge inn muligheit for melding på mail ved oppdatering
– Lage fleire headingbilde som rullerer
– Legge inn figurar og bilde i mediebanken (som t.d. ”Vilt , vakkert og rått”), hugs jussen….
– Skal det inn ein oversikt over sponsorar?
– Om Grasrotandelen
Feil:
Favicon viser no på Explorer, men ikkje på Firefox. Har ikkje sjekka andre.
Synspunkt???
Evt. fordeling.
Mvh
Jarle