I heile vår har Suldal O-lag arbeida med eit større O-arrangement for heile Rogaland. Og no er det meste klart for årets KM mellomdistanse. Søndag den 21. juni blir det stor-innrykk av O-løparar frå heile kretsen til Markosvatnet. Dette ligg på vegen over til Valskår, frå Steine i Suldal. Rundt 150 løparar skal konkurrera i 7 ulike løyper, og 8 ulike kretsmeistrar skal kårast.
Her finn du no PM for dagen:
PM_for_KM-Mellomdistanse_-_Suldal_O-Lag-21-juni_2015.pdf
Her finn du òg innbydinga for KM – Mellomdistanse 21. juni:
innbyding_Km_Mellomdistanse_2015_suldal_O-lag.pdf
Suldal O-lag har gode KM-vinnar-kandidater
Då Suldal O-lag arrangerte KM i orientering i 2013, tok løparar frå klubben fleire KM-medaljar. Aktuelle kandidater i år er:
- Åshild Hindenes i D12
Sindre Vik i H12
- Ingjerd Hindenes i D13-14,
- Jone Odden i H13-14,
- Runa Odden i D15-16
- Jostein Hindenes i H15-16
og sist men ikkje minst, O-veteranen Magnar Nerheim i H70.
Flotte løyper for dei yngste i klubben – og alle får premie
Alle unge opp til og med 12 år har fleire løyper å velgje mellom denne dagen.. Om du ønskjer å ha med deg ein vaksen eller løpe 2 og 2, er klassen N-opne løypa for deg. Her kan ein starte når ein vil, og slik ein vil. Om du har lyst til å konkurrere i ei lett nybyrjar-løype, kan du melde deg på i H/D11-12N.
Begge løypene går rundt Markosvatnet, så nokon av dykk har allereie løpt ei liknadne løype.
Her er det slik at alle er vinnarar, og alle får premie.
For dei aller yngste kan ein få prøve seg i Småtroll-løypa. Her er det ingen påmelding.
Michael eller Jan Erik tek i mot påmelding for klubben løparar
Ønskjer du å vere med på søndag?
Send oss ein SMS eller ring til oss, helst innan onsdag17. juni:
Michael Willig: 99 02 58 31
99 02 58 31
Jan Erik K. : 980 69 201
980 69 201
Her finn du innbydinga til sjølve løpet. http://eventor.orientering.no/Events/Show/5115
Publikumsvenleg
Hald fram med å lese «Alt er klart for KM Mellomdistanse søndag 21. juni»