Flott kveld ved Mosåno – 2- S-Karusell

Michael og Tormod hadde laga til 3 flotte løyper for den 2. Sommar-Karusellen, Onsdag den 12. mai. Vêret så ut til ¨kunne bli fuktig, men det klarna opp, og sola og varmen kom. Utruleg kjekt at det kom så mange rett føre ei langhelg. Og no rett før postane skal takast inn, er me oppe i 40 deltakarar. Heilt fantastisk. Etter løpet var det fleire som nytta høve til årets første bad, i elva Mosåna like ved vollen til Kjersti og Jens på garden Mo.

Ikkje alle var så lange uti som karen her – Varmt på land, men smeltevatn i elva!
Hald fram med å lese «Flott kveld ved Mosåno – 2- S-Karusell»

Skule-O 2021 – Super Start på Våren

Våren er i anmarsj, og i denne veka har Sand, Vinjar og Nesflaten skular hatt nær alle elevane der, i aksjon på årets Skule-Orientering. Suldal O-lag har laga til ulike løyper til alle skulane, og det rapporterast om stor aktivitet og masse smil på jakta etter post-skjermane, med kartet i handa.
Skule-O avsluttast måndag 12. april. Då skal nær 80 unge O-troll i 1.-4 trinn på sand skule ha stjerne-O i skule-området rundt Sand skule.

Under vil du etter kvart finne meir om Skule-O for desse skulane, og du kan også sjå karta som er brukt i Skule-O.

Hald fram med å lese «Skule-O 2021 – Super Start på Våren»

Rekord-deltaking på Vinter-Karusellen 2021

Det har vore ei heilt fantastisk bra deltaking i Vinter-Karusellen 2021 i år. O-laget har i år hatt 6 gate-O-løp, der dei unge får deltakarpremie for å ha delteke 2 eller fleire gonger. Nytt av året var at den første Vinter-O-Karusellen blei laga til som eit ordinært nattløp, i skogen. Det gav meirsmak og blei ein flott start på årets Vinter-Karusell.

Hald fram med å lese «Rekord-deltaking på Vinter-Karusellen 2021»

Bli med på sprint-O-løp i Medhushaugen

No komande onsdag slår Suldal O-lag på stortromma i Mehushaugen, ovenfor kyrkja på Suldalsosen.
Det blir masse folk, vimpelen til O-laget er framme, og me har fått låne Speider-hytta der folk kan gå inn og skifte før bålet tennast mot slutten av løpet 🙂
Sidan det går mot mørkare tider, kan du no starte frå kl 17.30, og det er alltid lurt å vere tidleg ute. Det er også meldt om flott vêr og nesten sommarlege temperaturar denne dagen.
Ta gjerne med kveldsmat som kan tilbereiast på bålet av familiane.

Hald fram med å lese «Bli med på sprint-O-løp i Medhushaugen»