Historisk løp frå Fjellbergskar hyttegrend

Det blei ein flott kveld med 14 deltakarar, flest i lang og mellom løypa. Lenger ned i artikkelen finn du no førebels deltakar- og resultatliste.
Me håper det blir mange fleire på lista i løpet av pinsa.

Men du har stadig sjansen til å prøve deg i løypene.

Trykk les meir, så kan du laste ned karta som blei brukt, og skrive dei ut sjølv. Du finn også kart og brikker på Joker Suldalsosen og på klubbhuset på Sand, ved teknisk etat.

Om du har hytte i området, eller gjer som Astrid Rosså frå Hjelmeland, og tek turen i O-løypa, så har du no sjansen til å prøve ei av O-løypene i området . Postane ligg ute til 2. pinsedag kl 18:00
Det er gratis å delta, men me håper du kan melde frå på Facebook-sida til Suldal O-lag, om du prøver ei av dei 4 løypene ein kan velgje mellom 🙂

God tur 🙂

Hald fram med å lese «Historisk løp frå Fjellbergskar hyttegrend»

Super start på Sommar-Karusellen 2022

Utruleg kjekt at så mange fann vegen til ny samlingsplass i Brakåsen terrenget, onsdag 11. mai. Vêret var noko regntungt, men under sjølve løpet, var det eigentleg lite vatn som kom ned, og temperaturen var god. Det er alltid kjekt for løypeleggjarane med god deltaking, og Øyvind og Jon hadde igjen laga til krevjande og spanande løyper i Brakåsen. På onsdagen var 33 deltkarar med. Men løypene heng no fast ute fram til påfølgjande søndag kl 17:00. Denne gongen auka deltakinga monaleg, og totalt var 41 små og store O-troll, samt 2 arrangørar med på dette første O-løpet i vår-sesongen 2022!

Hald fram med å lese «Super start på Sommar-Karusellen 2022»

Ski-Tur-Orienteringa 2019 er klar

Vinterfeiren for Rogaland er no i gong, og Suldal O-lag har også i år eit gratis tilbod om Tur-Ski-Orientering i Gullingen-området for alle som ønskjer å prøve dette.

I år ligg det ute 37 poster, fordelt på karta Gullingen, og Fjellkartet vårt.
Gratis kart får du tak i frå laurdag 23. februar kl 11.00 på følgjande stader:

  • Gullingen Turistsenter
  • Suldal Sportsfiske
  • Sand Sport

Postane ligg ute til og med 2. påskedag, 22. april.

Vinn gåvepremiar
Har du funne og skrive ned kodar på 20 postar eller meir, kan du vinne premie om du sender inn karta til Suldal O-lag.
Skriv på namn, adresse, tlr.nr og epost-adresse på baksida av karta, og send til:
Suldal O-lag, Postboks 85, 4239 SAND

Du kan og vinne premie for beste tur-ski-O- bilde. Send blinksotet til:
styret@suldal-o-lag.no, eller del bildet på våre facebook sider.

God tur med kart på skituren.

Her kan du laste ned og skrive ut karta sjølv.