Suldal O-lag er no godt i gong med UsynlegO, og det er mange som har prøvd denne formen for orientering på Suldalsosen og i Stegåsen på Sand, etter berre nokre få dagar. Fantastisk kjekt!
Denne formen for orientering opnar for heilt nye moglegheiter, og som ein av deltakarane kommenterte etter å ha prøvd dette for første gong: «Du blir heilt hekta på lyden som kjem når du har funne detaljen! » Dette er ganske nytt i Norge, og Suldal O-lag har no 4 arrangement som er knytta til UsynlegO allereie.
UsynligO – løyper På Sand
Då er Suldal O-lag offisielt i gong med UsynligO.
Her finn du no karta i PDF format til 2 løyper med start frå Jovika på Sand. Dette er ekte UsynligO-løyper. Det er ikkje skjermer ute her.
Julemarsjen 2019
Tradisjonen tro skipa Suldal O-lag til den tradisjonsrike Julemarsjen, 3. juledag. Med flott, tørt vintervêr var omlag 90 deltakarar med og fekk prøvd seg på postar og julequiz. Menge heldige traff også nissen på vegen. Dei fekk seg ein runde rundt juletreet bak kulturhuset med han.
Hald fram med å lese «Julemarsjen 2019»Supre Løyper frå Suldalshallen
Onsdag den 27. november arrangerte Suldal O-lag den 3. Vinter-O-karusellen for vinter-sesongen 2019-20. Det var eit flott løpsvêr, med 6 grader, opphald og lite austavind. Denne gongen var det litt færre unge som deltok, medan det blei hard konkurranse igjen i mellom-løypa. Totalt var det 14 deltakarar med denne kvelden.
Hald fram med å lese «Supre Løyper frå Suldalshallen»Vilt – Vakkert – Rått – og kjølig på Ørekvam
Det 4. O-løpet i Suldal O-lag sin Sommar-Karusell hadde start øvst i Breiastøldalen, der du kan sjå ned til Ørekvam. På oppvarminga litt før kl 18.00 kom det nokre små snøbyger, og det auka på med kornsnø og haglbyger utover kvelden. Men det er ingen hindring for spreke O-løparar. Ein held seg varm med å springe i terrenget. O-veteranen Magnar Nerheim hadde laga til 4 flotte løyper, og heile 24 løparar trossa vêrgudane denne kvelden.
Hald fram med å lese «Vilt – Vakkert – Rått – og kjølig på Ørekvam»