Bli med på sprint-O-løp i Medhushaugen

No komande onsdag slår Suldal O-lag på stortromma i Mehushaugen, ovenfor kyrkja på Suldalsosen.
Det blir masse folk, vimpelen til O-laget er framme, og me har fått låne Speider-hytta der folk kan gå inn og skifte før bålet tennast mot slutten av løpet 🙂
Sidan det går mot mørkare tider, kan du no starte frå kl 17.30, og det er alltid lurt å vere tidleg ute. Det er også meldt om flott vêr og nesten sommarlege temperaturar denne dagen.
Ta gjerne med kveldsmat som kan tilbereiast på bålet av familiane.

Hald fram med å lese «Bli med på sprint-O-løp i Medhushaugen»

UsynligO på Nesflaten er klar

Suldal O-lag er no godt i gong med UsynlegO, og det er mange som har prøvd denne formen for orientering på Suldalsosen og i Stegåsen på Sand, etter berre nokre få dagar. Fantastisk kjekt!
Denne formen for orientering opnar for heilt nye moglegheiter, og som ein av deltakarane kommenterte etter å ha prøvd dette for første gong: «Du blir heilt hekta på lyden som kjem når du har funne detaljen! » Dette er ganske nytt i Norge, og Suldal O-lag har no 4 arrangement som er knytta til UsynlegO allereie.

Hald fram med å lese «UsynligO på Nesflaten er klar»

Julemarsjen 2019

Tradisjonen tro skipa Suldal O-lag til den tradisjonsrike Julemarsjen, 3. juledag. Med flott, tørt vintervêr var omlag 90 deltakarar med og fekk prøvd seg på postar og julequiz. Menge heldige traff også nissen på vegen. Dei fekk seg ein runde rundt juletreet bak kulturhuset med han.

Hald fram med å lese «Julemarsjen 2019»