Synspunkt / plan for ny nettside

Hei

Nettsida nærmar seg noko, men ennå er det vel ein veg å gå.

 

Når eg i helga jobba med dette såg eg mange ”hull” i infoformasjonen som blir gitt. Det gjer eg som ein spørjande utanfrå O-miljøet (med eit kritisk blikk).

Eg meiner følgjande meny kan danna eit utgangspunkt for den nye nettsida.

 

Framsida

(Aktivitet)

    1. Terminliste
    2. Resultat
    3. Trening (kva, kor…)
    4. Kurs
    5. Tur- og skiorientering
    6. Miljøsamlig
    7. Galleri

(Organisasjon)

    1. Om laget (medlemmene, historie, aktivitet)
    2. Årsmelding
    3. Kontakt oss / styre

                  11. Lenker

 

For punkt 1, 4, 5 og 6 bør det vere ein innleiande kort tekst (som alltid står øvst) som fortel kva dette er. T.d. bør det under under ”Tur- og skiorientering” stå noko om kva O-laget pleier å gjere omkring dette, skiorienteringa er gratis, familievennleg osb. Under kjem nyheitene som: ”Skiorienteringa på Gullingen er klar”, ”50 fullførte skiorienteringa” osb.

Framsida + punkt 1,2,4,5 og 6 bør ha bloggoppsett (nye artiklar først). Dei andre bør ha artikkeloppsett (direkte til ein artikkel/liste/lenker). Galleri er ei samling bilde (som på den gamle nettsida) frå løp, samlingar osb.

 Om dette er ei mogleg løysing kunne me i praksis hatt aktivitetsmenyen i venstre marg (som no). Organisasjonsmenyen kan ligge vassrett over den svarte linja i headingen. Malen gir rom for dette.

Lenke til gamal nettside (som ikkje må slettast) må og komme tydeleg fram.

 

Andre ting:

–        Nynorsk språkpakken for Joomla må inn

–        Komponent som tek komprimering av bilde automatisk ved innlegging.

–        Komponent som gjer det greitt å leggje inn dokument og lenke til dette

–        Gallerikomponent

–        Sjekke/legge inn  muligheit for melding på mail ved oppdatering

–        Lage fleire headingbilde som rullerer

–        Legge inn figurar og bilde i mediebanken (som t.d. ”Vilt , vakkert og rått”), hugs jussen….

–        Skal det inn ein oversikt over sponsorar?

–        Om Grasrotandelen

 

Feil:

Favicon viser no på Explorer, men ikkje på Firefox. Har ikkje sjekka andre.

 

Synspunkt???

Evt. fordeling.

 

Mvh

Jarle

Hugs O-kurset onsdag 21. april

vilt_vakkeert_og_rtt26 deltakarar på O-kurs er ny rekord i Suldal. Blir me endå fleire i morgon?
Møt fram.

 

PS. Det er òg laga ei vidarekomen løype som kan passe for fleire enn dei som er på kurset.

 

 

Slik lager/redigerer du ein artikkel

Det er to metodar for å skrive/redigere artiklar. Ein enkel (som eg viser til her) og ein avansert der ein og har kontroll på modular/komponentar/mal konfigurering av desse.

Skriv ny artikkel

  • Vel «Legg til artikkel» i «Brukarmeny» til venstre
  • Skal du redigere eksisterande trykker du på rediger-ikonet ved overskrifta.
  • Bruk tekstbehandlaren som i word
  • Vel seksjonen Suldal O-lag
  • Vel passande kategori
  • Pass på du vel at artikkel skal publiserast, evt om den skal på framsida.
  • Lagre Wink

Om du vil leggje til bilde:

Legg til bilde ved å trykke . Du kan no velje blant bilda som tidligare er lasta opp. Dei blir automatisk lagt inn i høgre del av bildet med storleik 300×200. Dette kan du sjøvsagt overstyra.

Om du har eit bilde du vil laste opp trykker du vidare på opplastningssymbolet. Bilde blir automatisk komprimert og satt til 300×200 pixlar, men dette kan du overstyre. Uansett bør ikkje bilda vere større enn 1024 pixlar og omlag 250 kb.

 

Om du vil leggja til eit dokument (årsmelding, terminliste osb),

Trykk på . Last opp i naturleg mappe og skriv inn tittel på dokumentet.

Det er to metodar for å skrive/redigere artiklar. Ein enkel (som eg viser til her) og ein avansert der ein og har kontroll på modular/komponentar/mal konfigurering av desse.

Skriv ny artikkel

  • Vel «Legg til ny artikkel» i Meny for redigering.
  • Bruk tekstbehandlaren som i word
  • Legg til bilde , sjå og eigen artikkel.
  • Vel seksjon (normalt «innhald»)
  • Vel kategori
  • Pass på du vel at artikkel skal publiserast
  • Lagre Wink