Onsdag den 7.november starta Vinter-O-karusellen opp. Det var flott løpsvêr og relativt bra deltaking. Michael Willig var løypeleggjar. Totalt var 13 O-løparar i aksjon denne kvelden. Trond Nærheim debuterte i natt-sprint, og han gjorde eit solid løp denne kvelden.
Vått – men flott på KM langdistanse i Suldal
Då er KM langdistanse 2018 vel gjennomført av Suldal O-lag. Styret i O-laget har arbeida jamnt og trutt med dette arrangementet sidan i fjor haust. Då fekk me henvendinga frå Rogaland O-krets om me kunne ta på oss KM i langdistanse. ROK ville òg gjerne ha 2 KM-løp denne helga, med KM stafett på søndagen. Denne blei arrangert av Sauda O-klubb. Etter ein del diskusjon om helg landa begge klubbene på denne helga midt i august, omtrent til skulestart.
Hald fram med å lese «Vått – men flott på KM langdistanse i Suldal»
Dikt for O-løparar
Me må få med oss Odd Rune Malerbakken sitt flotte dikt frå 1. Sommar-O-Karusellen i år 🙂 Les og nyt god O-lyrikk!
Når det våres og brånes i lund og i li,
der hvor bamsen forlater sitt lune hi.
Skal det løpes på vårkåte bein
over søkkvåte myrer,langs stier og stein.
De kan snuble,banne og bites av klegg
få kramper i lår og i legg..
Alle trives de godt i regn og sol
under granskog med kurs mot magnetisk pol.