Klubbmeisterskapen for Suldal O-lag blei i år arrangert frå Gullingen skisenter. Grunna litt kollisjonar blei det løpt over 2 dagar, men desverre var det ikkje så mange som hadde råd å springe denne veka. Totalt var det 13 deltakarar med, og ingen unge løparar.
Hald fram med å lese «Klubbmeisterskapen 2019»Bli med på Familie-O-leir
No kan du endeleg få vere med på O-leir i Gullingen-området.
Det er ein del år sidan O-laget hadde leir, så dette må du få med deg!
Me ligg på Røde Kors hytta frå laurdag ettermiddag til søndag, den 7. og 8. september. Leiren passar for alle, og barn under 10 år må ha med seg ein vaksen.
Leiren er gratis for medlemmer, og O-laget held alle maten.
Under finn du program og korleis du melder deg på. Bli med – dette blir kjempekjekt !
Hald fram med å lese «Bli med på Familie-O-leir»Ski-Tur-Orienteringa 2019
Vinterens Ski-Tur-orientering er historie, og i etterkant har Suldal O-lag fått inn 25 kart frå deltakarane i år. På styremøtet i mai blei to vinnarar av gavekort trekte ut blant desse.
Hald fram med å lese «Ski-Tur-Orienteringa 2019»Sommar-Karusellen 2019 med 12 O-løp!
I år kan du vere med på 12 treningsløp i Suldal O-lag. Her finn du no terminlista.
Det første løpet startar kl 18.00 i Brakåsen, onsdag 8. mai kl 18.00
Ski-Tur-Orienteringa 2019 er klar
Vinterfeiren for Rogaland er no i gong, og Suldal O-lag har også i år eit gratis tilbod om Tur-Ski-Orientering i Gullingen-området for alle som ønskjer å prøve dette.
I år ligg det ute 37 poster, fordelt på karta Gullingen, og Fjellkartet vårt.
Gratis kart får du tak i frå laurdag 23. februar kl 11.00 på følgjande stader:
- Gullingen Turistsenter
- Suldal Sportsfiske
- Sand Sport
Postane ligg ute til og med 2. påskedag, 22. april.
Vinn gåvepremiar
Har du funne og skrive ned kodar på 20 postar eller meir, kan du vinne premie om du sender inn karta til Suldal O-lag.
Skriv på namn, adresse, tlr.nr og epost-adresse på baksida av karta, og send til:
Suldal O-lag, Postboks 85, 4239 SAND
Du kan og vinne premie for beste tur-ski-O- bilde. Send blinksotet til:
styret@suldal-o-lag.no, eller del bildet på våre facebook sider.
God tur med kart på skituren.
Her kan du laste ned og skrive ut karta sjølv.