Stor deltaking på Gullingen Ski-Orientering !

P3050019Heile 45 deltakarar prøvde seg på trim-løypa på Gullingen Ski-Orientering. Nokre tok mange postar, medan andre fann fram til nokre av postane innover Breiastøldalen. Deltakarane varierte frå 2 år til opp mot 70 år, og mange gjekk skattejakt med familien. Både fastbuande i Suldal, hyttefolk, og dagsturistar fann fram til arrangementet som var lagt opp mot Zporty-festivalen. Mange fekk også ei kort instruksjon i korleis ein brukar kart før dei la ut på turen.

Del av Ski-Tur-Orienteringa
Postane i trimløypa er òg ein del av Suldal O-lag sitt unike tilbod til fastbuande, hyttefolket og andre skituristar: SKI-TUR-ORIENTERING. Det einaste av sitt slag i Rogaland. Og både kart og deltkaing er heilt gratis. Sjå artikkel om dette her.

P3050022

 

 

 

Premier og bålkos etter turen
Etter kartøkta, vanka det «varmande» premiar til alle, før bålsteikte pølser og ostesmørbrød glei ned på høgkant for både born og vaksne. Og sola titta stundom òg fram og la ei fin ramme rundt turen.

Fleire bilde frå Gullingen Ski-Orientering finn du her.

Dei unge i fleirtal i ski-o-konkurransen
I ski-O-konkurransen var deltakinga mykje mindre, men dei som starta, fekk seg ei fin treiningsøkt i dei gode løypene som Albert Nærheim hadde laga. Tradisjonen tru var det lagt opp til felles-start.

Resultatar – trykk les meir.

Hald fram med å lese «Stor deltaking på Gullingen Ski-Orientering !»

Innbyding til Gullingen Ski-Orientering laurdag 5. mars

logo-suldal_o-lag2Prøv deg på Ski-Orientering på Zporty-festivalen!

Laurdag. 5. mars arrangerer Suldal O-lag Gullingen Ski-Orientering. Her kan du prøve deg på skattejakt etter tur-O-postar, aleine, med vener eller familie, utan tidtaking. Dei same postane er òg ein del av Tur-Ski orienteringa, som har offisiell opning mellom kl. 12.00 og 13.00. Treng du ein innføring i bruk av kartet? Suldal O-lag sine medlemmer gir deg dette mellom kl. 12.00 og 12.45.

Er du god på ski og kan litt om orientering, kan du prøve deg på ski-O-konkurransen kl. 13.00. Her blir det fellesstart, der deltakarane skal velgje vekk minst 1 post. Påmelding til løpet skjer mellom 12.00 – 12.45. Start pengar kr. 20.-

Alle deltakarar får deltakar premie. Ta med deg vener eller foreldre, skiutstyr, kartmappe og blyant og kom !!

Ski-O-helsing frå Suldal O-lag

Meir om arrangementet – les meir:

Hald fram med å lese «Innbyding til Gullingen Ski-Orientering laurdag 5. mars»

Flott opning av tur-orienteringa!!

CIMG0651CIMG0653

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

48 tøffe friluftsfolk fann vegen til Veddal då tur-orienteringa starta sesongen. 24 av desse var under 18 år, så ungdommen var ikkje i mindretal! 48 o-løparar er ny rekord !

Først var det sal av tur-konvoluttar, planlegging av kveldens tur – før det bar av garde. Alle fann fram både til o-postar og til ”Fleip eller Fakta”-oppgåver. Og desse vart ivrig diskuterte. Nokon prøvde og å spørja arrangørane om rett svar, men….

Så var det pølser og brus som premie. Og turfolk blir svoltne: 100 pølser, 60 pølsebrød og 10 flasker brus forsvann. Det einaste som var att, var litt sprøsteikt løk og litt sennep i botn av ein flaske!

No står det att å finna dei andre postane. Men vi har jo heile sommaren på oss. God tur!

Fleire bilde finn du i fotoalbumet.

Opning av Tur-Orienteringa sommaren 2010

DSC05977Tid: Onsdag, den 2. juni, kl. 18.00

Stad: Veddal, ved Mosvatnet 

I morgon håpar me svinaktig mange mange stiller opp, og tek seg ein liten tur ved Veddal, på vegen inn til demninga ved mosvatnet.

Me lovar pølser i pølsebrød med tilbehør når du kjem inn tilbake. Pluss brus i krystallglas  – av papp eller plast..!

Ta med deg naboar, besteforeldre, tilfeldig forbipasserande og møt opp.

Nytt av året er ein kultur- og natursti lagt inn i tur-orienteringa. Samt oppgåver knytt opp mot naturen ved Mosvatnet.

 

Då håpar me du kjem, svolten som ein skrubb, og lysten på mange fine turar.

 

Vel møtt.

HelsingTur-O-gjengen – Bibbi og Egil

Turorientering på ski 2010

Også i 2010 har Suldal O-lag lagt ut turskiorienteringsposter. Kart som er nytta er gjort tilgjengeleg via vår heimeside. Karta ligg også oppkopiert på Gullingen Fjellstove. Me har nytta tjukt papir slik at kartet skal halde.

Om du hadde sendt bilder frå turen ville me blitt veldig glade.

God tur ønskjer me i Suldal O-lag

Gullingenkartet er scanna på A3. Ver merksam på at utskrift av pdf-dokumentet på A4 endrer da målestokken til 1:20000.

Klikk på karta nedanfor for å lasta ned karta (pdf).

         

 

Turorientering på ski 2010

Også i 2010 har Suldal O-lag lagt ut turskiorienteringsposter. Kart som er nytta er gjort tilgjengeleg via vår heimeside. Karta ligg også oppkopiert på Gullingen Fjellstove. Me har nytta tjukt papir slik at kartet skal halde.

Om du hadde sendt bilder frå turen ville me blitt veldig glade. 

God tur ønskjer me i Suldal O-lag

Gullingenkartet er scanna på A3. Ver merksam på at utskrift av pdf-dokumentet på A4 endrer da målestokken til 1:20000.