48 tøffe friluftsfolk fann vegen til Veddal då tur-orienteringa starta sesongen. 24 av desse var under 18 år, så ungdommen var ikkje i mindretal! 48 o-løparar er ny rekord !
Først var det sal av tur-konvoluttar, planlegging av kveldens tur – før det bar av garde. Alle fann fram både til o-postar og til ”Fleip eller Fakta”-oppgåver. Og desse vart ivrig diskuterte. Nokon prøvde og å spørja arrangørane om rett svar, men….
Så var det pølser og brus som premie. Og turfolk blir svoltne: 100 pølser, 60 pølsebrød og 10 flasker brus forsvann. Det einaste som var att, var litt sprøsteikt løk og litt sennep i botn av ein flaske!
No står det att å finna dei andre postane. Men vi har jo heile sommaren på oss. God tur!
Fleire bilde finn du i fotoalbumet.