Vinterferien for Rogaland startar komande fredag 24. februar, og tradisjonen tro har Suldal O-lag også i år eit gratis tilbod om Turski-orientering i Gullingen-området for alle som ønskjer å prøve seg på skattejakt med kart. Suldal O-lag er den einaste O-klubben i Rogaland som tilbyr dette, og det beste av alt, deltaking og kart er heilt gratis!
Hald fram med å lese «Prøv deg på Turski-orienteringa til Suldal O-lag»Julemarsjen – 2022
I år kunne me gle oss over å igjen by julemarsjdeltakarar inn på kaker og gløgg etter ein runde rundt Sand med postar og quiz. Været var nokså surt, men jammen trur eg nissen fann fram likevel! Med stort og smått kom hundre + ein innom sanitetshuset.
Hald fram med å lese «Julemarsjen – 2022»Flott medlemsmøte i november
Flott medlemskveld med 15 deltakarar på vidaregåande skulen på Sand. Sjå også meir om Tur-orienteringa 2022 her.
Hald fram med å lese «Flott medlemsmøte i november»Velkommen til opning av tur-orienteringa 2022
Suldal o-lag inviterer til opning av turorienteringa 2022, onsdag 08.06, ved nedre Mosåno. Det er merka frå Førlandsbrua, der du tek av mot Gullingen-området.
Møt fram litt før kl 18:00. Kjøp konvolutten, som i år kostar 200.-, og ta deg ein tur på jakt etter Tur-o-postane i Mosåno-området
Etter turen vert det grilling av pølser og servering av drikke i målområdet. O-laget spanderer!
Kor finn ein tur postar i år?
Hald fram med å lese «Velkommen til opning av tur-orienteringa 2022»Grønn Tur – gratis og enkel tur-O for alle
Til 17. mai vil Suldal O-lag ha tre ulike grønne turar tilgjengeleg på Nesflaten, Sand og Suldalsosen. Turen passer for alle aldre – og du kan koma fram med både trehjulssyukkel, barnevogn, sykkel eller rullestol. Der postane er innteikna, vil du finna små post-skilt med både postnummer og postkode (Også med QR-kode). Med QR-koden kan du enkelt registrere posten dersom du tek turen med mobiltelefonen og appen «Turorientering» installert.
Kor får eg tak i kart, tru? – les meir
Hald fram med å lese «Grønn Tur – gratis og enkel tur-O for alle»