No er det klart for siste kurskvelden i Orientering 🙂 Med premieutdeling for Vinter-Karusellen 2020-21
Desverre blei det ikkje så mange det passa for på 2. kvelden, men me håper på fleire i morgon 🙂
Bli med på Kurs i Orientering – vårens vakraste eventyr
Lær deg orientering – og ver trygg i naturen!
Suldal O-lag arrangerar kvar vår eit kurs i Orientering. Og no er det klart for årets kurs.
Kurset er gratis for medlemmer, og den første kurs-veka, komande veke 15, frå 12-18. april blir også gratis for alle som ønskjer å prøve seg med kartet i handa. Grunna smittevern i høve C-19, blir det ikkje lagt opp til felles oppmøte, no førstkomande onsdag i veke 15.
Les meir om kurset, last ned innbyding, og finn ut korleis du melder deg på kurset. Du vil også finne tips til korleis du skal forstå, og bruke O-kartet, for å finne fram i skogen 🙂
Hald fram med å lese «Bli med på Kurs i Orientering – vårens vakraste eventyr»Skule-O 2021 – Super Start på Våren
Våren er i anmarsj, og i denne veka har Sand, Vinjar og Nesflaten skular hatt nær alle elevane der, i aksjon på årets Skule-Orientering. Suldal O-lag har laga til ulike løyper til alle skulane, og det rapporterast om stor aktivitet og masse smil på jakta etter post-skjermane, med kartet i handa.
Skule-O avsluttast måndag 12. april. Då skal nær 80 unge O-troll i 1.-4 trinn på sand skule ha stjerne-O i skule-området rundt Sand skule.
Under vil du etter kvart finne meir om Skule-O for desse skulane, og du kan også sjå karta som er brukt i Skule-O.
Hald fram med å lese «Skule-O 2021 – Super Start på Våren»Bli med på sprint-O-løp i Medhushaugen
No komande onsdag slår Suldal O-lag på stortromma i Mehushaugen, ovenfor kyrkja på Suldalsosen.
Det blir masse folk, vimpelen til O-laget er framme, og me har fått låne Speider-hytta der folk kan gå inn og skifte før bålet tennast mot slutten av løpet 🙂
Sidan det går mot mørkare tider, kan du no starte frå kl 17.30, og det er alltid lurt å vere tidleg ute. Det er også meldt om flott vêr og nesten sommarlege temperaturar denne dagen.
Ta gjerne med kveldsmat som kan tilbereiast på bålet av familiane.
Endeleg ordinært O-løp på Ørekvam
Onsdag 10. juni er det endeleg klart for eit ordinært O-løp igjen i Suldal O-lag. Det er den 5. Sommar-Karusellen, og løpet startar frå den nedlagte heiegården nede på Ørekvam. Men i tillegg kan dei som vil også ta løypene som Vekas løype, om du ikkje får til å møte onsdagen mellom 18.00 og 19.00. Under vil du finne meir om O-løpet.
Hald fram med å lese «Endeleg ordinært O-løp på Ørekvam»