No komande onsdag slår Suldal O-lag på stortromma i Mehushaugen, ovenfor kyrkja på Suldalsosen.
Det blir masse folk, vimpelen til O-laget er framme, og me har fått låne Speider-hytta der folk kan gå inn og skifte før bålet tennast mot slutten av løpet 🙂
Sidan det går mot mørkare tider, kan du no starte frå kl 17.30, og det er alltid lurt å vere tidleg ute. Det er også meldt om flott vêr og nesten sommarlege temperaturar denne dagen.
Ta gjerne med kveldsmat som kan tilbereiast på bålet av familiane.
Endeleg ordinært O-løp på Ørekvam
Onsdag 10. juni er det endeleg klart for eit ordinært O-løp igjen i Suldal O-lag. Det er den 5. Sommar-Karusellen, og løpet startar frå den nedlagte heiegården nede på Ørekvam. Men i tillegg kan dei som vil også ta løypene som Vekas løype, om du ikkje får til å møte onsdagen mellom 18.00 og 19.00. Under vil du finne meir om O-løpet.
Hald fram med å lese «Endeleg ordinært O-løp på Ørekvam»4. Karusell blir likevel Vekas løype
Me hadde eit håp om å kome i gong med å arrangere eit ordinært onsdags-O-løp med brikker denne veka. Men, det blir Vekas-løype utan brikke-systemet også denne veka…
Terrenget denne veka ligg på Suldalsosen, og starten er frå Lavvuen i Mehus-Haugen. Det er brukt bukker til å feste skjermane med denne gongen, men beskjeden er som før:
Ikkje ta på hverken bukken eller O-skjermen.
Hald fram med å lese «4. Karusell blir likevel Vekas løype»Ny veke og nye løyper med Suldal O-lag
Her finn du no karta for den 3. Sommar-Karusellen i 2020.
Hald fram med å lese «Ny veke og nye løyper med Suldal O-lag»Klart for nye eventyr med kartet i handa
Etter opptelling på 1. Sommar-Karusell er me førebels komne til heie 36 deltakarar og 2 arrangørar. Det er me i O-laget utruleg godt nøgde med 🙂 Mange av desse er familiar på tur, og det er ekstra kjekt. I tillegg er det mange som også lagt ut bilder og kommentarar på Suldal O-lag si FB side – og det er heilt supert!!
No er neste vekas løype, elller 2. Sommar-Karusellen, også klar. Denne gongen skal me prøve oss i nok eit nydeleg terreng, nord-vest for Markosvatnet, og mot Augnastølsvatnet. Dette finn du når du tek av på Steine mot Valskår. sjå elles oversiktskartet.
Hald fram med å lese «Klart for nye eventyr med kartet i handa»