
Det er no på tide for fleire å få prøve seg i O-løypa utanom klubbløpa. Og då er dette løpet perfekt.
Løpet har alle klassar og løypelengder. Det betyr at alle kan finne ei løype for sitt nivå. Og, ikkje minst så går løpet i nabo-kommunen i fint fjellterreng, så dette løpet bør så mange som mogelg vere med på av klubben sine løparar.
Det er lørdag den 21. mai som er mest aktuell for oss i Suldal O-lag, men dei som ønskjer det, kan òg løpe på søndagen. Det er løyper å springje utan at ein treng delta i stafetten.
Påmelding til løpet
Ønskjer du å vere med, ring til Mangar Nerheim, 52 79 77 38, eller til Jan Erik, 980 69 201 (SMS også)
Innbyding til løpet med løypelengder og klassar finn du her.
Innbydelse_Sauda_OK_KM_21_og_22_mai_2011.doc
Er du i tvil om kva klasse du skal springe, ikkje så rart med alle klassane, men det hjelper me deg med.
Me satsar på felleskøyring til løpet frå Sand på lørdagen.
Blir me over 20 deltakarar frå Suldal O-lag i Sauda lørdag den 21. mai?
Oversikt over løp i Rogaland 2011
Her finn du oversikt over resten av løpa i Rogaland, samt andre store arrangement i orientering.