Meir kjem etter kvart…..
Her er eit par bilder frå Medlemskvelden:
Hald fram med å lese «Flott medlemsmøte for O-laget»Meir kjem etter kvart…..
Her er eit par bilder frå Medlemskvelden:
Hald fram med å lese «Flott medlemsmøte for O-laget»Det går så det suser rundt omkring i kommunen i O-løypene. No er det klart for den 2. Aktiv. O-veka, der løypene denne gongen er lagt til Stegåsen, på Sand. Dette terrenget er kjent i O-laget som – Vilt – Vakkert og Rått. Andre ord som beskriv terrenget er krevjande og hardt, men det gjeld ikkje Kortløypa. Og dei andre løypene er også lagt ganske snilt! Det har løypeleggjaren tenkt på denne gongen 🙂
Hald fram med å lese «2. Aktiv-O veke i Stegåsen – Kult og rått»Då er Suldal O-lag offisielt i gong med UsynligO.
Her finn du no karta i PDF format til 2 løyper med start frå Jovika på Sand. Dette er ekte UsynligO-løyper. Det er ikkje skjermer ute her.
God påske til alle O-entusiastar.
Suldal O-lag måtte desverre avlyse dei 2 siste Vinter-Karusellane før påske. Men no kan du prøve deg på eigenhand, eller saman med familien i 2 påske-løyper i Brakåsen. Du trykkjer karta ut sjølv, eller du kan få kart av Jan Erik, Magnar og Michael.
Desse postane blir liggjande ute til fredag den 17. april, så du har enno tid på deg til å få tatt deg årets første Orienteringstur, anten som trening, eller som tur og trim. Du kan også velje å finne alle postane i området, som tur-O, der du sjølv vel kva rekkjefølgje du vil ta postane.
Vinterfeiren for Rogaland er no i gong, og Suldal O-lag har også i år eit gratis tilbod om Tur-Ski-Orientering i Gullingen-området for alle som ønskjer å prøve dette.
I år ligg det ute 37 poster, fordelt på karta Gullingen, og Fjellkartet vårt.
Gratis kart får du tak i frå laurdag 23. februar kl 11.00 på følgjande stader:
Postane ligg ute til og med 2. påskedag, 22. april.
Vinn gåvepremiar
Har du funne og skrive ned kodar på 20 postar eller meir, kan du vinne premie om du sender inn karta til Suldal O-lag.
Skriv på namn, adresse, tlr.nr og epost-adresse på baksida av karta, og send til:
Suldal O-lag, Postboks 85, 4239 SAND
Du kan og vinne premie for beste tur-ski-O- bilde. Send blinksotet til:
styret@suldal-o-lag.no, eller del bildet på våre facebook sider.
God tur med kart på skituren.
Her kan du laste ned og skrive ut karta sjølv.