Ny deltakar-rekord og finske O-løparar på 7. karusell

logo-suldal_o-lag2Stad: Augnastølskartet ved Markosvatnet

Dato: 25. august 2010

Løypeleggjar: Egil Fugleberg

Heile 36 deltakarar møtte fram til o-løp i vått haustver onsdag 25. august. Løpet gjekk i flott fjellterreng mellom Mork og Tveitane. Myrane var veldig våte og tunge å springa i, men det hindra ikkje dei spreke O-løparane, verken frå Suldal eller frå Finland! Denne kvelden var orienteringa – Vill, vakker og… våt!

Denne gongen hadde me finsk besøk, bl.a. av ein tidlegare finsk landslagsløpar. Han imponerte stort, men Jan Erik Kristensen, Turid O. Tjøstheim, og ikkje minst Ingvild Odden gjorde òg flotte prestasjonar.

Mange unge løparar viser at dei er blitt flinke til å finna fort fram i område dei aldri har vore i før – og med lite bomming.

Kjekt var det òg at dei to garva skogstrolla Albert Nærheim og Ingvar Olimstad hadde ein skikkeleg sekundstrid denne gongen.

Neste gong vert det nye løyper og nye nappetak oppe ved Mosvatnet.

For 5 år sidan hadde treinings- og instruksjonkomiteen ei målsetting om å nå 50 deltakarar på eit av løpa i Sommar-karusellen. Når me det målet i haust???

Trykk les meir for resultat.

 

Hald fram med å lese «Ny deltakar-rekord og finske O-løparar på 7. karusell»

6. sommarkarusell-løpet med god deltaking

vilt_vakkeert_og_rttStad: Stegåsen på Sand

Dato: 18. august 2010

Løypeleggjar: Stig Morten Nerheim

20 O-løparar stillte til start i det 6. karuselløpet i Stegåsen onsdag 18. august. Krevjande terreng gjorde at mange fekk ein hard start på haustsesongen. Men det var godt og varmt i vêret, og litt blåbær i liane.

Lars Bjørke gjorde eit gledelig comeback og vant langløypa med god margin. I mellomløypa var det ingen som kunne tukta Kari Myklebust. Ingvild Odden sprang kortløypa på raskaste tid.

Neste onsdag kan du prøve deg med kart og kompass ved Markosvatnet, på vegen over til Suldalseidet. Merka frå Steine.

Orientering – mosjon for hjerte og hjerne!

 

 

Hald fram med å lese «6. sommarkarusell-løpet med god deltaking»

Flotte forhold på sesongens siste O-løp

 

leik_etter_lpetDato: Onsdag 09.06.2010

Stad: Ørekvam, oppe

Løypeleggjar: Reidar Blesvik

Og ny deltakarrekord på mange år blei det på den 5. sommar-karusellen.

Heile 27 o-løparar hadde flotte O-opplevingar på Ørekvam. I følgje dei som har vore med i O-laget ei stund, må ein heilt tilbake til Ulla-Førre tida for å sjå så godt oppmøte.

Mellom- og Lang-løypa var lagt i tidvis krevjande O-terreng, og fleire hadde seg nokre ekstra-runder før dei fann postane. Men, det var fine forhold, varmt i vêret, og lett å ta seg fram.

Spesielt gledeleg var det med heile 11 deltakarar i alderen 6-12 år! Nybyrjarløypa blei litt for kort for desse, så alle valde å springa i Kort-løypa denne gongen. Flott!

Etter løpet var fleire nede i Mosvatnet for ein dukkert. Temperaturen i vatnet byrjar faktisk å bli bra. Rundt 15 grader.

No blir det ei pause i karusellane fram til haustsesongen startar, men på familiestafetten 23. juni blir det nytt høve til uhøgtideleg O-konkurranse.

Fleire bilde frå løpet – sjå i fotoalbumet.

Resultat frå Løpet – trykk les meir.

Hald fram med å lese «Flotte forhold på sesongens siste O-løp»

4. karusell, Mosåno ved Mosnuten

Hanna og Albert mot målStad: Mosåna ved Mosnuten

Dato: 26. mai 2010

Løypeleggjar: Jon Nærheim og Guro Foldøy

 

Det var den eldre garden i O-laget som deltok på dette løpet. Dog med nokre yngre unntak. I alt deltok 14 løparar denne kvelden.

Nok ein gong kolliderte løpet med terrengløpskarusellen. Så i Nybyrjar løypa var det ikkje deltakarar i det heile.

Men veret var bra, og diskusjonane om strekktider og løypeval gjekk flittig etter målgong.

 

Bilde frå løpet finn du i fotoalbumet

Resultat etter dagens løp:

http://www.suldal-o-lag.no/resultat/2010/nedre_mosano_260510/

http://www.suldal-o-lag.no/resultat/2010/nedre_mosano_260510/mosano/

Hald fram med å lese «4. karusell, Mosåno ved Mosnuten»

3. karuselløp på Jelsa

 

Dato: 19. mai 2010

Stad: Jelsa, Grønnevik

Løypeleggjar: Tore Thorsen

 

Tore hadde lagt ut poster i eit terreng som aldri er blitt nytta til O-løp. Fleire fann vegen til Jelsa og hadde flotte O-opplevingar. 5 unge løparar var òg med på løpet. Dei klarte seg godt i løypa. Etter løpet blei det klatring i skrenter i mål-området.

 

innkomst3-karusell-2010

 Reultatliste og strekktider mm:

Hald fram med å lese «3. karuselløp på Jelsa»