Fantastisk start på Sommar-Karusellen 2020

Det er ikkje mange idretter som har aktivitet i desse dagane. Men Suldal O-lag, og fleire O-klubber i Norge, har funne ei løysing som gjer at det stadig er mogleg å finne fram i ukjent terreng, med kart og kompass. Vekas løype, der løparane trykkjer kartet sjølv, og ikkje berører skjermane ute i skogen. Ein kan ta løypene akkurat når ein vil, gjennom heile veka.

Hald fram med å lese «Fantastisk start på Sommar-Karusellen 2020»

Knallbra O-løps kveld på Nesflaten

Onsdag den 20. november gjekk den andre, av totalt 6 Vinter-O-Karusell-løp, av stabelen. Og som vanleg var det mange med, som det er kvar gong Suldal O-lag har trenings-O-løp lengst nord-aust i kommunen. Totalt var det 18 store og små med i større eller mindre grad denne kvelden. Denne gongen var det 1/3 barn som deltok på sjølve løpet. I tillegg var heile Nesflaten skule ute i løypene både ein og 2 gonger kvar, så totalt sett deltok nesten 50 personer i O-løypa denne veka.

Hald fram med å lese «Knallbra O-løps kveld på Nesflaten»