Onsdag den 2. desember arrangerte Suldal O-lag den 4. Vinter-O-karusellen for året. Dette var det siste O-løpet i 2020, og deltakinga var enormt bra. Vêret var perfekt for ei kveldsøkt med kartet i handa, med opphaldsvêr og passe mildt. Det er ekstra gledeleg at akkurat halvparten av deltakarane er born og unge under 16 år. Deltakinga i årets Vinter-Karusell har så langt satt rekord, i løp etter løp, der toppen blei nådd denne gongen med 36 deltakarar.
Hald fram med å lese «Super deltaking på 4. Vinter-Karusell»Super deltaking på 3- Vinter-Karusellen
Onsdag den 25. november var det klart for den 3 av i alt 6 Vinter-O-Karuseller for vinter-sesongen til Suldal O-lag. Vêret var perfekt med opphald og 6-8 varmegrader, og mange deltakarar møtte fram. Michael Willig var arrangør for kvelden, og dei 3 løypene blei flittig brukt. Totalt vadet 33 deltakarar. Nokon er telt 2 gonger då dei sprang to løyper
Hald fram med å lese «Super deltaking på 3- Vinter-Karusellen»Øs – pøsregn på Nesflaten
Den 2. Vinter-Karusellen på Nesflaten blei avholdt onsdag 18. november. Det blei ein frykteleg blaut affære, og monster-regnet må nok ta mykje av skulda for at det berre blei 6 deltakarar som stilte denne kvelden. Og det vart verkeleg vått denne kvelden. På Gullingen skisenter falt det 103 mm med regn det døgeret, og det var verst på onsdags kvelden…
Hald fram med å lese «Øs – pøsregn på Nesflaten»Fantastisk opning av Vinter-O-Karusellen 2020
Onsdag 11. novemeber var det duka for første trenings-O-løp i Vinter-Karusellen 2020/21. Og for ein start det blei!!
Med 38 deltakarar med stort og smått er dette ny rekord på minst 20 år. Spesielt gledeleg er det at 17 barn og unge og 8 foreldre møtte denne kvelden. Vêret var også perfekt med opphald og mildt og fint for årstida. Etter løpet var det bål utanfor den flotte speider-hytta. Me i O-laget vil takka speidarane i Suldal for lånet av hytta og plassen.
God deltaking på Sommar-Karusellen 2020
Sommar-Karusellen i dette året blei litt spesiell, grunna pandemien me er midt oppe i. Men det gjorde også til at det blei litt nytenkjing rundt treiningsløpa våre. Me tok i bruk UsynlegO, som mange fekk sansen for, og dette konspetet kombinert med at postane hang ute ei veke om gongen, gjorde at me på dei 4 første løpa hadde svært mange med.
Hald fram med å lese «God deltaking på Sommar-Karusellen 2020»