Legg til bilde i fotogalleri

Du kan leggje inn bilde i fotogalleriet frå «administrasjonssida» eller «brukarsida». Sistnemde er den du loggar den inn på frå nettsida si framside. Dette er den lettaste vegen å gå og den eg viser til her.

  1. Etter innlogging, trykk Fotogalleri i menyen (Aktivitet)
  2. Gå vidare til Brukarpanel. Skal du ha ein ny kategori (nytt tema/arrangement osb) må du opprette dette først.  Legg til bilde i valgt kategori.

 

Synspunkt / plan for ny nettside

Hei

Nettsida nærmar seg noko, men ennå er det vel ein veg å gå.

 

Når eg i helga jobba med dette såg eg mange ”hull” i infoformasjonen som blir gitt. Det gjer eg som ein spørjande utanfrå O-miljøet (med eit kritisk blikk).

Eg meiner følgjande meny kan danna eit utgangspunkt for den nye nettsida.

 

Framsida

(Aktivitet)

    1. Terminliste
    2. Resultat
    3. Trening (kva, kor…)
    4. Kurs
    5. Tur- og skiorientering
    6. Miljøsamlig
    7. Galleri

(Organisasjon)

    1. Om laget (medlemmene, historie, aktivitet)
    2. Årsmelding
    3. Kontakt oss / styre

                  11. Lenker

 

For punkt 1, 4, 5 og 6 bør det vere ein innleiande kort tekst (som alltid står øvst) som fortel kva dette er. T.d. bør det under under ”Tur- og skiorientering” stå noko om kva O-laget pleier å gjere omkring dette, skiorienteringa er gratis, familievennleg osb. Under kjem nyheitene som: ”Skiorienteringa på Gullingen er klar”, ”50 fullførte skiorienteringa” osb.

Framsida + punkt 1,2,4,5 og 6 bør ha bloggoppsett (nye artiklar først). Dei andre bør ha artikkeloppsett (direkte til ein artikkel/liste/lenker). Galleri er ei samling bilde (som på den gamle nettsida) frå løp, samlingar osb.

 Om dette er ei mogleg løysing kunne me i praksis hatt aktivitetsmenyen i venstre marg (som no). Organisasjonsmenyen kan ligge vassrett over den svarte linja i headingen. Malen gir rom for dette.

Lenke til gamal nettside (som ikkje må slettast) må og komme tydeleg fram.

 

Andre ting:

–        Nynorsk språkpakken for Joomla må inn

–        Komponent som tek komprimering av bilde automatisk ved innlegging.

–        Komponent som gjer det greitt å leggje inn dokument og lenke til dette

–        Gallerikomponent

–        Sjekke/legge inn  muligheit for melding på mail ved oppdatering

–        Lage fleire headingbilde som rullerer

–        Legge inn figurar og bilde i mediebanken (som t.d. ”Vilt , vakkert og rått”), hugs jussen….

–        Skal det inn ein oversikt over sponsorar?

–        Om Grasrotandelen

 

Feil:

Favicon viser no på Explorer, men ikkje på Firefox. Har ikkje sjekka andre.

 

Synspunkt???

Evt. fordeling.

 

Mvh

Jarle

Slik lager/redigerer du ein artikkel

Det er to metodar for å skrive/redigere artiklar. Ein enkel (som eg viser til her) og ein avansert der ein og har kontroll på modular/komponentar/mal konfigurering av desse.

Skriv ny artikkel

  • Vel «Legg til artikkel» i «Brukarmeny» til venstre
  • Skal du redigere eksisterande trykker du på rediger-ikonet ved overskrifta.
  • Bruk tekstbehandlaren som i word
  • Vel seksjonen Suldal O-lag
  • Vel passande kategori
  • Pass på du vel at artikkel skal publiserast, evt om den skal på framsida.
  • Lagre Wink

Om du vil leggje til bilde:

Legg til bilde ved å trykke . Du kan no velje blant bilda som tidligare er lasta opp. Dei blir automatisk lagt inn i høgre del av bildet med storleik 300×200. Dette kan du sjøvsagt overstyra.

Om du har eit bilde du vil laste opp trykker du vidare på opplastningssymbolet. Bilde blir automatisk komprimert og satt til 300×200 pixlar, men dette kan du overstyre. Uansett bør ikkje bilda vere større enn 1024 pixlar og omlag 250 kb.

 

Om du vil leggja til eit dokument (årsmelding, terminliste osb),

Trykk på . Last opp i naturleg mappe og skriv inn tittel på dokumentet.

Det er to metodar for å skrive/redigere artiklar. Ein enkel (som eg viser til her) og ein avansert der ein og har kontroll på modular/komponentar/mal konfigurering av desse.

Skriv ny artikkel

  • Vel «Legg til ny artikkel» i Meny for redigering.
  • Bruk tekstbehandlaren som i word
  • Legg til bilde , sjå og eigen artikkel.
  • Vel seksjon (normalt «innhald»)
  • Vel kategori
  • Pass på du vel at artikkel skal publiserast
  • Lagre Wink

Kort om Joomla

Joomla har to ulike sider: (1) Framsida som er open for alle (Internettsida) og (2) ei «hemmeleg» bakside. Du har no logga deg inn på  den «hemmelege» sida der du kan administrere innhaldet. Alt du treng er ein PC som er kopla til Internett. Du treng ikkje noko ekstra programvare.

Tektshandsamar
I Joomla finn du ein teksthandsamar som minner om «word». Kan du denne, ja då vil det og gå greitt å sjølv legge inn innhald på nettsidene.

Modular
Ein modul er, i Joomla-terminologi, boks med innhald. Dette er for t.d. menyen, innlogginga, «mest leste», newsflash osb. Det finst mange hundre tilleggsmodular for ulike formål som kan knytast til nettsida.

Komponentar
Ein komponent er ein applikasjon, som legg til ein funksjonar i Joomla admin. Døme er nyhendebrev, blog, med meir

Utsjånad
Nettsidene kan endra utsjånad ved å knytte til ulike designmalar (templates).