Hei!
Porsgrunn O-lag har gleden av å invitere til det tradisjonsrike Fjelløpet I orientering 14.-15. juli 2012.
Se vedlagt innbydelse. Fint hvis du sprer gledens budskap ut i klubbene.
Mvh Jan Gatevold, Løpsleder
Her legg Suldal O-lag ut innbydingar og ev. resultater frå kretsløp i Rogaland og andre aktuelle løp.
Du finn òg artiklene frå kretsløpet vårt i 2011 her.
Hei!
Porsgrunn O-lag har gleden av å invitere til det tradisjonsrike Fjelløpet I orientering 14.-15. juli 2012.
Se vedlagt innbydelse. Fint hvis du sprer gledens budskap ut i klubbene.
Mvh Jan Gatevold, Løpsleder
I år er det ikkje så mange O-løp som går i Nordfylket på våren.
Men, dette løpet som er eit mellomdistanseløp, ganske korte løypelengder, passar bra. Det er i nærleiken av der KM mellomdistanse gjekk i fjor, og med relativt likt terreng.Løpet arrangerast av Torvastad IL Nord på karmøy. Reisetid frå Sand, snaut 2 timar.
Me var ein ganske god gjeng som reiste i fjor, nok til at Suldal O-lag fekk spalteplass i Haugesunds Avis.
Her er innbyding til løpet:
Så er o-løpet 4. september blitt historie. Vergudane var ikkje i sitt beste lune, men det var funksjonærane. Tusen takk for kjempegod innsats!
Det ligg mykje arbeid bak eit o-løp. Jan Erik har i lang tid pønska ut gode løyper, og i regn og ruskever var han og medhjelparar ute i terrenget og plasserte postane nøyaktig der dei skulle vera. Reidar kontrollerte at postar og kodar og alt som høyrde til var korrekt utført. Så då løparane kom i mål, var det mykje skryt å høyra om flott terreng, gode løyper og passe utfordringar.
Michael, vår flinke dataekspert, hadde alt under kontroll, resultatlister kom fort på plass, og alt fungerte som det skulle gjera. Gode folk hadde han med seg i sekretariatet, så her visste ein at alt var i beste hender. Etter løpet var Michael rask med å få resultatlistene ut til aktuelle aviser og til klubbane, o-krets og forbund. Fantastisk!
Magnar har hatt ein kjempejobb med å få alt klart på samlingsplass og i startområdet. Mykje utstyr skulle på plass, og i regnveret blei det ekstra arbeid med både det eine og det andre, men Magnar og gjengen hans tok alt med godt humør, og arbeidet gjekk lett og greitt unna.
Godt humør var det òg hos småtrollsjefane, Maj Britt og Guro. Dei hadde laga eit flott opplegg, og det er eit viktig rekrutteringsarbeid og eit godt sosialt arbeid som dei gjer med småtrolla.
Karin og kioskgjengen gjorde òg ein kjempejobb. Her fekk folk metta seg med gode kaker, vaflar og pølser, og dei fekk sløkka tørsten med brus og nykokt kaffi. Ikkje rart at godpraten og låtten sat laust i kjøkenteltet. I starten viste det seg at aggregatet ikkje hadde kapasitet nok til meir enn ei kokeplate. Då kasta Jon seg i bilen og var svint ned til dalen og fekk tak i eit nytt. Flott!
På parkeringsplassen hadde Jostein god kontroll, og sjølv om bilvegen gjekk gjennom området vårt, gjekk alt greitt utan kaos og utan fare.
Sjølve løpet gjekk greitt frå Albert og Tore og Jan Erik sende løparane ut til dei blei tatt imot av Michael og folket hans og etterpå fekk premiane som Johannes og Reidar delte ut. Suldal hadde mange løparar med, og mange av dei gjorde det skarpt. Stor takk til Torill og Turid som tok seg av og rettleidde dei yngste.
Noko av det mest imponerande skjedde etter løpet. Det var mest som på eit sirkus. Alle funksjonærane trødde til og var med på nedrigginga og oppryddinga. Det gjekk utruleg raskt unna. Og onsdagen etter var fleire med på postplukk, også då i regn, men også då med godt humør.
Alle som var med burde vore nemnde med namn, men eg får nøya meg med å seia hjartans takk til alle funksjonærane og til alle løparane. Det er gildt å vera løpsleiar når ein har slike medarbeidarar.
Ingvar
Resultat etter dagens løp ligg no tilgjengeleg med vanleg resultatliste og med detaljerte strekktider.
Dette finn du her.
Bilde frå kretsløpet finn du her i fotogalleriet.
Vinnaren av H17 AK – i shorts!!
Suldal O-lag nest største klubb på løpet
I dag blei det arrangert kretsløp i orientering på Sandsaosen i Suldal. Totalt 97 orienteringsløypere deltok. Utanom desse 97 var det også 11 O-troll som prøvde seg.
Klubbvis fordeling av løpere:
Egersund 1
Ganddal 11
Haugesund 27
Sauda 8
Stavanger 14
Suldal 16
Sveio 3
Vaulen 5
Ålgård 5
Dei unge løparane frå Suldal gjorde det svært så bra på løpet – meir om dette finn du i eigen artikkel frå løpet.
Eit lite utval av bilda frå dagen finn du her ved å trykke les meir…
Hald fram med å lese «Resultat etter RR10, Sandsaosen 4. sep. 2011»
I morgon, søndag 4. september, kl 13.00, spring dei første løparane frå starten. Totalt er rundt 100 deltakarar påmelde med stort og smått. Alderen på deltakarane er frå 4 til over 80 år, og deltakarane har 9 ulike løyper å velgja mellom. Sjå innbydinga til løpet her.
Stort og tidkrevjande arrangement
I løpet av augaust er det ikkje få dugnadstimar som er blitt lagt ned av medlemmane i klubben, og nokre timar til blir det på søndag. Me gler oss, og ønskjer alle deltakarar velkomne til O-løp på splitter nytt kart i flott, ope, men òg stadvis krevjande terreng O-messig.Heile 55 postbukkar og skjermer er plassert ut i terrenget.
PM for løpet er no klar
Denne finn du her. PM_for_kretslp_-_SOL-4-september2011.pdf
Du kan òg følgje denne lenkja for å sjå PM diekte på heimesida vår.
Vergudane ser ut til å vere med oss..?
Det er litt usikkert kor stor «føling» me vil få med etterdønninga etter «IRENE». Men, det ser ut til å bli relativt varmt, sjølv i 600 meters høgde.
Veret for løpsdagen finn du her:
Velkomen til å vere med oss – som deltakarar eller tilskuere!