Innbyding til Vestlandsmeisterkapen på Stord

DSC00192_copyDet byrjar å bli ei stund sidan dette KM,et i Sauda, der Suldal O-lag stilte med mange O-løparar, spesielt i dei unge årsklassane.

I haust er det mogleg å få med seg fleire kretsløp.

Førstkomande helg; 22.-24 auguast er det klart for VESTLANDSMEISTERSKAPEN I ORIENTERING. Her kan ein få med seg 3 løp.

Fredag: Nostalgiløp ala 50 talet

Lørdag: Individuelt meisterskap

Søndag: Stafett, men òg individuelle NY-løyper.

For Suldal sine løparar er det nok laurdagen som er mest aktuell. Som vanleg reiser i alle fall Magnar og Albert på løp, men kanskje er det andre òg som vil prøve seg.? Meld deg på til Magnar på komande Onsdagsløpet. Det er for øvrig flytta frå Heiavatnet til Breiastøldalen. Meir om dette kjem snart.

Innbyding til Vestlandsmeisterkapen finn du her: http://eventor.orientering.no/Documents/Event/5164/1/Innbydelse

Løypene til KM-lang på Sandsa er snart klare

DSC03225Suldal O-lag skal i haust arrangera KM-lang på Sandsa-osen. Datoen for løpet er lørdag 31. august.
Dagen etter er det KM-stafett i Sauda. Så hold av denne helga til O-løp Laughing

Løypeleggjarar i år er Egil Fugleberg og Albert Nærheim. Og dei er allereie ferdige med løypene. No må berre kontrolløren (underteikna) ut å sjekke postane…

Førebels informasjon om løpet finn du på Eventor. Følg dirketelenkja her: http://eventor.orientering.no/Events/Show/2845

Meir om løpet kjem etter kvart.

KM-Gull til vår eldste veteran – Albert

DSC00233KM-langdistanse gjekk av stabelen i Egersund i helga.

To veteraner stilte til start, Magnar og Albert.
Og, Albert slo til med eit kjempeløp, kanskje sesongbeste, og vann KM-gull med bortimot 10 minutters margin!!

ME GRATULERAR !! Smile

Magnar gjorde òg eit godt løp, men i denne klassen er det knallhard konkurranse, med Harry Breiland som vel er bortimot ubeseira i år, på topp.

Sjå utdrag av resultatlista for deira klassar under.

 

 

 

 

 

 

 

 

Hald fram med å lese «KM-Gull til vår eldste veteran – Albert»

Gode resultat på kretsløpet Odda 2-dagars

115

Søndag den 19. august reiste 4 gonger Nerheims og 3 gonger Mathiesens til Seljestad skistadion, på det 2. løpet i Odda 2-dagars.

Det har ikkje klaffa heilt med å få andre med på kretsløp i år, enn veteranane Magnar og storebror Albert. Og også denne helga var det kollisjon, der fedre og mødre på Suldalsosen i alle aldre spelte Grendacup-fotball. Så det var ein Sands-delegasjon som forsvarte Suldal O-lag sine klubbfargar.

062

Og, resultatmessig viste Suldalsløparane godt igjen på listene.
Tobias Mathiesen sprang inn til ein sterk 2. plass i klassen H11-12Ny, medan Vebjørn Nerheim vann klassa H13-16 C.

Her er dei på veg til start.

Fullstendig resultaliste  frå dette løpet finn du her.

 

111

I klassen H17AK var det stor deltaking. Her slo Stig Morten til med ein sterk 2. plass, under eit minutt bak seieren. Det er tydeleg at haustformen, både på det O-tekniske og løpsmessig er i rute!

Erik plasserte seg godt over midten på resultatlista, og hadde nok hatt ein bom eller 2 etter tida å dømme. Han kjem sterkare igjen..

Ane og Mathilde var òg med, som lagleiarar og fotografer, denne gongen. 045