Den 5. Sommar-Karusellen for året, og den siste før sommarferien, gjekk frå Gullinghuset ved Mosvatnet, onsdag 15. juni . Løpet var lagt opp som sprint/mellomdistanse, og løypeleggjarane hadde laga til gode løyper. Desverre kolliderte det med både konserter og andre avslutninger i denne veka, men dei som kom, fekk seg flotte turar i lettløpt terreng.
Hald fram med å lese «Flotte Sprintløyper frå Gullinghuset»Velkommen til opning av tur-orienteringa 2022
Suldal o-lag inviterer til opning av turorienteringa 2022, onsdag 08.06, ved nedre Mosåno. Det er merka frå Førlandsbrua, der du tek av mot Gullingen-området.
Møt fram litt før kl 18:00. Kjøp konvolutten, som i år kostar 200.-, og ta deg ein tur på jakt etter Tur-o-postane i Mosåno-området
Etter turen vert det grilling av pølser og servering av drikke i målområdet. O-laget spanderer!
Kor finn ein tur postar i år?
Hald fram med å lese «Velkommen til opning av tur-orienteringa 2022»Historisk løp frå Fjellbergskar hyttegrend
Det blei ein flott kveld med 14 deltakarar, flest i lang og mellom løypa. Lenger ned i artikkelen finn du no førebels deltakar- og resultatliste.
Me håper det blir mange fleire på lista i løpet av pinsa.
Men du har stadig sjansen til å prøve deg i løypene.
Trykk les meir, så kan du laste ned karta som blei brukt, og skrive dei ut sjølv. Du finn også kart og brikker på Joker Suldalsosen og på klubbhuset på Sand, ved teknisk etat.
Om du har hytte i området, eller gjer som Astrid Rosså frå Hjelmeland, og tek turen i O-løypa, så har du no sjansen til å prøve ei av O-løypene i området . Postane ligg ute til 2. pinsedag kl 18:00
Det er gratis å delta, men me håper du kan melde frå på Facebook-sida til Suldal O-lag, om du prøver ei av dei 4 løypene ein kan velgje mellom 🙂
God tur 🙂
Hald fram med å lese «Historisk løp frå Fjellbergskar hyttegrend»O-løp i Stegåsen – Vilt – Vakkert og Rått
Det er alltid vanskeleg å få mange med rett før Kristi Himmelfartshelga, og kombinert med ein del regn, blei det totalt i underkant av 15 deltakarar på 3. Sommar-Karusellen.
Det var synd, for Stig Morten hadde laga til flotte, og krevjande løyper. Langløypa gjekk opp i stegåsen og så over Kammen 🙂
Hald fram med å lese «O-løp i Stegåsen – Vilt – Vakkert og Rått»Startposten streika på 2. Sommar-Karusell
Og det var synd, for det var nokon flotte løp i krevjande løyper som blei gjennomført der oppe rett etter 17. mai.
Deltakarliste 2. Sommar-Karusell 2022, 18. mai 2022 er no klar.
Hald fram med å lese «Startposten streika på 2. Sommar-Karusell»