Ønskjer du deg tommel-kompass til O-løypa?

Klubben har kjøpet inn 10 Tommelkompass, for venstre tommel. Desse kan du som løper i klubben kjøpe til klubbpris: 350.- Ordinær pris i butikkane ligg rundt 450 – 500.- 

Ta kontakt med Michael Willig: Tlf: 990 25 831

 

Dikt for O-løparar

Me må få med oss Odd Rune Malerbakken sitt flotte dikt frå 1. Sommar-O-Karusellen i år 🙂 Les og nyt god O-lyrikk!

Når det våres og brånes i lund og i li,
der hvor bamsen forlater sitt lune hi.
Skal det løpes på vårkåte bein
over søkkvåte myrer,langs stier og stein.

De kan snuble,banne og bites av klegg
få kramper i lår og i legg..
Alle trives de godt i regn og sol
under granskog med kurs mot magnetisk pol.

Hald fram med å lese «Dikt for O-løparar»

Strålende sommar på Sandsa og 4. Karusell

4. Sommar-O-Karusellen, Sandsosen
Dato: 23. mai 2018
Arrangør: Sidsel Økstra  (Odd Rune Malerbakken)

På den flotte sommarkvelden denne onsdagen, var det igjen klart for O-løp i Suldal. I dalen var det nesten for varmt, men oppi i lågfjellsterrenget, rundt Sandsa var det heilt perfekt for alle ivrige O-løparar. Ein svalande vind og knusktørre myrer, samt gode løyper frå kombinasjonsløpyeleggjarane Sidsel Økstra, som overtok for Odd Rune Malerbakken. Totalt var det heile 40 deltakarar som fekk seg ein nydeleg tur denne kvelden.

Hald fram med å lese «Strålende sommar på Sandsa og 4. Karusell»

Sommarvarme og sprint i Stegåsen

3. Sommar-Karusell 2018, Stegåsen
Dato: 16. mai 2018

Me var spente på om det kunne passe med O-løp onsdag 16. mai, men det slo svært bra til! I sommarvamen no i mai, var det heile 36 løparar som prøvde seg på sprint/mellomdistanse på det 3. O-løpet i Stegåsen. Dette er eit vanskeleg terreng, og nokon fekk seg nokre gode bomturar, men alle fann trygt heim igjen til mål. Også denne kvelden var det mange unge med. 12 i talet.

Stig Morten Nerheim var løypeleggjar og hadde laga til 3 flotte og krevjande sprintløyper for O-folket 🙂

Her finn du no online resultat.

Hald fram med å lese «Sommarvarme og sprint i Stegåsen»