God deltaking i årets Sommar-Karusell

Har finn du no ein samanlagt resultatliste og ein oversikt over alle som har vore med i Sommar-Karusellen 2022. Suldal O-lag er ein liten med svært aktiv O-klubb med mange arrangement i løpet av eit år. Sommar-karusellen har i talt 11 O-løp med start 11. mai og avslutning 28. september.

Totalt har det vore 80 deltakarar med på eit eller fleire av O-løpa. Kort løypa er største klassen med 24 deltakarar, tett fyulgt av Trimklassen (22) og mellom-løypa (21). I langløypa har det vore 13 personer med totalt.

Resultata i dei ulike løypene
I kort og ny løypa er alle vinnarar. Her er det om å gjere å få nok løp for å få premie. I år er det 4 unge som som har vore med i 3 løp eller meir. Desse får premie på medlemsmøtet.
I mellom løypa har det vore svært mange med i år, og dei unge løparane havdar seg godt i konkurranse med veteranane i klubben.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Samanlagt vinnnaren i mellom løypa blei Marte Krogh. Ho hadde 6997 poeng. med totalt 6 seire som gir 1000 poeng kvar og ein 2. plass der ho blei knepent slått av mor si, Else Kristein H. Krogh, på klubbmeisterskapen med fattige 7 sekunder. Dette blei rekna ut manuelt i ettertid med å trekkje frå 1. posten. 3. plassen gjekk til leiaren i klubben, Torkel Myklebust.

I langløypa var det også svært jamnt i år. Tom Steinar Nærheim og Stig Morten Nerheim har veksla seg i mellom med å vinne løypene. Begge står med 6 sigrar kvar. og ein drøss med 2. plassar. Forskjellen er på fattige 46 poeng av 7000 moglege. Noko som tilsvarar omlag eit minutt differanse på 10 løp ! Det blei likevel Stig Morten som vann med 6997 poeng, medan Tom steinar hadde 6951 poeng. 3. plassen gjekk til Jan Erik Kristensen.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Her kan du no finne alle rasultata for Sommar-karusellen 2022:

Legg att eit svar