Haustrekord på siste Sommar-Karusell

Suldal O-lag har i år hatt heile 11 onsdagsløp i flott skogs og fjellterreng. Sommar- sesongen startar i mai og går fram til slutten av september. Deltakinga var svært god på dei første løpa i vår, men har sidan svinga litt. Men på den 11. og siste Sommar-O-Karusellen sette O-laget ein solid haustrekord med 34 deltakarar. Sjølve løpsdagen, onsdag 28. september var nydeleg, med 14-15 grader på kvelden, og tørt og fint i Brakåsen-terrenget. For anledninga hadde O-laget fått låne speidar-hytta, men kvelden blei så fin at grillinga gjekk føre seg på bålpanna utanfor.

Mange unge med igjen i kortløypa
Ekstra gledeleg var det at ein god del unge dukka opp på løpskvelden. Dei yngste tek ofte kort løype, og då gjerne saman med foreldra. Dei prøver seg med tidtakarbrikke, men i dei offisielle resultatane er alle vinnarar, og fullfører løypa med stil.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Svært god deltaking i Mellom-løypa
I mellom-løypa er det ofte mange som deltek. Her finn du ungdomane som har steget opp eit nivå. Dei konkurrerer då med dei meir erfarne løparane i klubben, og det varierer kven som stikk av med sigeren i løypa.
Det er likevel ei av ungdomane som no for alvor har fått kontroll på kartlesinga. Marte Krogh leser no kartet godt, og ho har fått kontroll på bruken av tommel-kompasset. I tillegg spring  ho lett over myrane og i motbakkane. Det gjer at ho er vanskeleg å slå når ho går tilnærma bomfritt gjennom løypa. Brakåsen må vel også kunne seiast å vere heimebane for ho, så denne gongen var ho suveren i løypa. I mål var ho nesten 6 minutt føre mor si, Else Kristin H. Krogh. Ein kan sei at pallen blei ein rein familieduell, for den som kom nærast dei to første, var far i huset, Raymond Krogh. Totalt var det 15 unge og erfarne O-løparar som prøvde seg i mellom-løypa i Brakåsen denne gongen.

Sekundstrid igjen i lang-løypa
Det blir svært ofte jamt mellom Tom Steinar Nærheim og Stig Morten Nerheim i den lengste løypa. Men ofte er det Tom Steinar som gjer det skarpast i dette krevjande terrenget. Det var tilfelle også denne kvelden. Tom steinar slo Stig Morten knepent med 22 sekund, etter 2,5 tunge km i luftlinje og 16 poster på kryss og tvers.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Liten pause fram til medlemsmøtet
Suldal O-lag har no ei lita pause i onsdags-O-løpa. Men onsdag 9. november håper styret at mange kan vere med på medlemsmøtet, der det blir premieutdeling, med pizza og brus.

Onsdag 16. november startar så Vinter-O-karusellen 22/23 opp. Det blir sannsynlegvis natt-orientering dels i skogen frå Speidar-hytta i Medhushaugen.

Stadig råd å ta poster i Tur-orienteringa
Har du enno ikkje fått tatt alle Grøne Turar i Tur-orienteringa? Eller du har lyst på nokre flotte turar i den ordinære tur-orienteringa. Det er enno ikkje for seint å prøve seg. Postane heng ute til over haustferien, og kart får du tak i på Sand Sport, og Joker Straabø, Suldalsosen.  Kart til gratis grøne turar finn du på heimesidene til Suldal O-lag. Det er løyper både på Nesflaten, Suldalsosen, og på Sand.

God tur med kartet i handa!

Resultatliste 11. Sommar-karusell, Brakåsen sprint

Kort løype, 1,3 KM, Antall poster: 10
PlassNavnTid
1Lunde,AmalieFullført
1Havrevoll,Astrid     «
1Solheim,Bjørnar     «
1Solheim,Lars     «
1Hjelkrem,Vemund Nerheim     «
1Hjelkrem,Mallin Nerheim     «
Mellom løype, 1,8 KM Antall poster: 12
PlassNavnTidPoeng
1Krogh,Marte30:37 + 00:001000
2Krogh,Else Kristin Hilde36:14 + 05:37844
3Krogh,Raymond41:44 + 11:07733
4Hilde,Vidar44:14 + 13:37692
5Myklebust,Torkel46:46 + 16:09654
6Hindenes,Jarand52:20 + 21:43585
7Tjøstheim,Vilde53:45 + 23:08569
8Bakka,Daniel53:58 + 23:21567
9Fjellhaugen,Øyvind Nærheim54:24 + 23:47562
10Helstrup,Siri1:12:18 + 41:41423
11Kulikauskhaite,Sylvia1:13:17 + 42:40417
12Nærheim,Albert1:14:42 + 44:05409
Lang løype, 2,5 KM, Antall poster: 16
PlassNavnTidPoeng
1Nærheim,Tom Steinar36:58 + 00:001000
2Nerheim,Stig Morten37:20 + 00:22990
3Willig,Michael1:03:31 + 26:33581
TRIM:
PlassNavnTid
1Havrevoll,KariFullført
2Maudzius,Martinas      «
3Nerheim,Magnar      «
3Nerheim,Randi Margrethe      «
3Solheim,Terje      «
3Solheim,Tone Vold      «
3Olimstad,Torbjørg S.      «
3Hilde,Vilje Lea Haualand      «
9Nærheim,Jon      «
10Ingvar Olimstad      «

Løypeleggjar og arrangør:     Jan Erik Kristensen
Fotograf og medarrangør:     Terje Bergjord

Legg att eit svar