Sommarvêr på 7. Sommar-Karusell

Det blei ein aldeles nydeleg kveld med svært godt oppmøte på 7. Sommar-karusell frå demninga i nord-vest i Mosvatnet. Jarand og Siri hadde laga til flotte løyper, og deltakinga kom opp i 24 med stort og smått.

Denne kvelden var det deltakarar i alle løypene, sjølv om det var flest i mellom-løypa.

Her var det knytt stor spenning om kven som fann postane fortast. Fleire av ungdomane var på plass, og Daniel og Thomas Bakka blei hhv nr 2 og 3. Men raskast, utan store bomturar blei Else Kristin H Krogh. Marte Krogh var uheldig denne kvelden. Ho ramla i ei myr, kartet blei klissblautt og gjekk etter kvart i full oppløysing. Ho fann likevel mange av postane på karthusk 🙂 Moralen må bli – Hugs plastlomme utanpå kartet .

OLYMPUS DIGITAL CAMERA
OLYMPUS DIGITAL CAMERA

I langløypa var det også mange med, og både Stig Morten Nerheim og Tom Steinar Nærheim stilte til start. I mål var det Tom Steinar som denne gongen hadde raskaste tid, tett fulgt av Stig Morten. Magnus Bakka klarte seg godt utan for store bommer, og blei nr 3.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Her finn du nokon av bildene vår faste fotograf og no medlem av O-laget, Terje Bergjord tok denne kvelden 🙂

Her finn du Resultater og strekktider :
https://www.suldal-o-lag.no/resultat/2022/0831-mosano-oppe/

Hugs 8. Sommar-karusell på Sandsaosen komande onsdag. Det er meldt om stadig fint og varmt vêr.

Legg att eit svar