Suldal o-lag inviterer til opning av turorienteringa 2022, onsdag 08.06, ved nedre Mosåno. Det er merka frå Førlandsbrua, der du tek av mot Gullingen-området.
Møt fram litt før kl 18:00. Kjøp konvolutten, som i år kostar 200.-, og ta deg ein tur på jakt etter Tur-o-postane i Mosåno-området
Etter turen vert det grilling av pølser og servering av drikke i målområdet. O-laget spanderer!
Kor finn ein tur postar i år?
I år er det lagt ut tur-O-postar i Stegåsen, på Fjellberg Høgehei, Langelihei, Hedlebrekk, i tillegg til nedre Mosåno
Mange kjekke turar å få med seg i sommar og fram mot haustferien

Tur-o-konvolutten er å få kjøpt under opninga, eller hjå Sand Sport og Joker Straabø Suldal.
I år kan du òg ta turorienteringa digitalt ved å lasta ned » Turorienteringsappen»

Kjøper du konvolutten, kostar det kr. 200,-. Suldal o-lag har Vipps nr.: 567225.
Ynskjer du i tillegg til konvolutt å lasta ned karta digitalt i appen, får du ein rabattkode som gir deg gratis tilgong. Denne ligg i konvolutten.
Ynskjer du berre tilgong via appen, vil kvart kart kosta kr. 50,- , i appen.
Du kan også finne karta på tur-Orientering.no. Her er lenkje der du kjem rett til karta på årets tur-O.
https://www.turorientering.no/v/orienteering/organizer/360
God tur-o jakt Du har mange flotte turar å sjå fram til
Helsing Tur-O-komiteen.

