Historisk løp frå Fjellbergskar hyttegrend

Det blei ein flott kveld med 14 deltakarar, flest i lang og mellom løypa. Lenger ned i artikkelen finn du no førebels deltakar- og resultatliste.
Me håper det blir mange fleire på lista i løpet av pinsa.

Men du har stadig sjansen til å prøve deg i løypene.

Trykk les meir, så kan du laste ned karta som blei brukt, og skrive dei ut sjølv. Du finn også kart og brikker på Joker Suldalsosen og på klubbhuset på Sand, ved teknisk etat.

Om du har hytte i området, eller gjer som Astrid Rosså frå Hjelmeland, og tek turen i O-løypa, så har du no sjansen til å prøve ei av O-løypene i området . Postane ligg ute til 2. pinsedag kl 18:00
Det er gratis å delta, men me håper du kan melde frå på Facebook-sida til Suldal O-lag, om du prøver ei av dei 4 løypene ein kan velgje mellom 🙂

God tur 🙂

Svært jamnt i løypene denne kvelden
Marte Krogh har vore raskast på dei 3 første Sommar-Karusellane. Men i kveld blei det fullklaff for Thomas Bakka. Han fann potane i fin stil, og slo Marte denne gongen med rundt 15 sekund.

Desse 4 kapra dei 4 første plassane i mellom-løypa 🙂


I langløypa var Stig Morten suveren denne kvelden, men han hadde bomma noko i det nye terrenget. Vidare blei sekundstrid om det som førebels er 2. og 3 plassen. Fattige 3 sekund skilte Jan Erik Kristensen og Magnus Bakka i mål. Då hadde dei vore ute i vel 42 minutt, og funne fram til 14 postar, heilt uavhengig av kvarandre. I løpet av helga fekk Tom Steinar godkjent bestetid i løypa med 33:30.

Totalt blei det 26 deltakarar og arrangørar på den 4. Sommar-Karusellen på det nye Hedlebrekk kartet.

Her finn du no offisiell resultatliste:

Resultatliste komplett, 4. Sommar-Karusell 01.06 2022, Fjellbergskaret Hyttegrend

Kort løype, 2.1 km, 11 postar:

PlassNamn 
1Kristoffer Fugleberg SolheimFullført
1Emilia Fugleberg SolheimFullført

Trim, Vaksne:

PlassNamn 
1Albert NærheimFullført
1Anna HaugeFullført
1Egil FuglebergFullført
1Ingvar OlimstadFullført
1Torbjørg S. OlimstadFullført

Mellom Løype, 2.5 km, 11 postar :

PlassNamnTid
1Thomas Bakka25:23
2Marte Krogh25:48
3Else Kristin H. Krogh29:57
4Vilde Tjøstheim32:17
5Kari Myklebust36:00
6Marit Eikeland40:04
7Turi O. Tjøstheim43:56
8Torkel Myklebust44:43
9Øyvind N. Fjellhaugen49:55
10Odd Rune Malerbakken59:55

Lang løype, 3,5 km, 14 postar:

PlassNamnTid
1Tom Steinar Nærheim33:30
2Stig Morten Nerheim35:20
3Jan Erik Kristensen42.49
4Magnus Bakka42:52
5Jon Nærheim55:53
   
 Damer: 
1Astrid Rosså, Hjelmeland O-lag62:41

Arrangørar:
Heine Mo Willig
Magnar Nerheim
Terje Bergjord – Fotograf

Totalt 26 deltakarar og arrangørar

Karta som blei brukt på løpet finn du her :

OLYMPUS DIGITAL CAMERA
OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Legg att eit svar