Grønn Tur  – gratis og enkel tur-O for alle

Til 17. mai vil Suldal O-lag ha tre ulike grønne turar tilgjengeleg på Nesflaten, Sand og Suldalsosen. Turen passer for alle aldre –  og du kan koma fram med både trehjulssyukkel, barnevogn, sykkel eller rullestol. Der postane er innteikna, vil du finna små post-skilt med både postnummer og postkode (Også med QR-kode). Med QR-koden kan du enkelt registrere posten dersom du tek turen med mobiltelefonen og appen «Turorientering» installert.

Kor får eg tak i kart, tru? – les meir

Du finn gratis kart på Sand Fjordhotell og i butikkane både på Sand, Suldalsosen og Nesflaten, eller så laster du ned appen «Tur-Orientering», og finne karta der. Sjå etter små postmarkeringer, med QR koder på.

Vinn gåvepremie!
Registrer deg i Tur-O-Appen, Og skann kodene på postane. Eller skriv ned koder på kartet, og send bilde på e-post til: styret@suldal-o-lag.no
Løypene kan du ta heilt fram til 20. oktober. God Tur 😊

Her kan du laste ned og skrive ut karta sjølv:

På den nye tur-O appen, kan du få hint om kor du er også.


Ordinær tur-O opning 8 juni
I begynnelsen av juni kjem Suldal O-lag til å lansere årets turorientering. Mens du venter kan du gjerne prøve deg på O-laget sine Grønne turer.

God Grønn Tur 🙂

Legg att eit svar