Godt samarbeid med speidarane på Sand

Søndag 3. april var Suldal O-lag med på Sand KFUM/KFUK sin tradisjonsrike Hompliade på skileike plassen ved Gullingen leirskule. Vêret var litt grått med lett snø i lufta. Men Holympiske eld blei tent med sang av speidarane og leikane kunne byrja.

O-laget var med for å gje deltakarane eit ekstra tilbod om å veiledning i kart, samt prøve seg på O-bingo- løypa til leirskulen, på truger…
Denne dagen blir dermed O-laget sin første Finn Fram dag dette året.

Det blei ganske så vellukka, og totalt var det rundt 25 barn og unge som prøvde seg på truger med kartet i handa denne dagen.

Her kan du sjå bilder frå dagen

Bilder kjem etter kvart

Legg att eit svar