Endeleg var det mogleg å arrangere kurs i orientering igjen! årets kurs-rekkje opna som vanleg med skule-O på dei tri skulane i dalføret. Etter påske har så trenings- og rekrutteringsgruppa med god hjelp av resten av lagets medlemmer hatt 3 onsdagskvelder med kurs.
Flott 1. kveld i Mehushaugen
Onsdag 20. april var rett etter påskeferien. Det blei ein flott kveld, med ein ny O-familie, og mange som hadde vore med tidlegare. Totalt var det 12 barn og unge, samt 17 vaksne med denne kvelden.



2. Kurskvelden gjekk frå Mosåno ved kalkings-stasjonen.
Nok ein nydeleg onsdagskveld, og fleire tok løypene etter kvart fram til søndag kl 17:00.
Det var også mange som prøvde å finne skatten som O-piraten hadde gøymt.







Kurs-avslutning med medlemsmøte på Sand
3. kurskvelden gjekk frå Joagarden barnehage, og opp i Stegåsen. Vêret var stadig flott, og mange prøvde seg i dei 2 løypene som var å velgje mellom. Totalt var det 25 deltakara med stort og smått denne kvelden.
På medlemsmøtet var det heile 18 barn og unge som fekk premie for fullført kurs i orientering. Her var det med 28 store og små O-troll. Kvelden starta med pizza og brus, og avslutta i kjent stil med O-bingo.






