Endeleg startar O-sesongen for fullt

Endeleg er våren og O-løpa i skogen her – er du klar ?
Komande onsdag, 11. mai, startar Suldal O-lag opp med trenings-O-løp i skogen med 1. løpet i Sommar-Karusellen 2022.
I år kan du vere med på heile 11 trenings-O-løp, og alt er gratis. På kvart løp kan du velgje mellom 3-4 ulike løyper med ulike lengde og vanskegrad. Alle løypene kan takast som trim – utan tidtaking, om du skulle ønskje det.

Opningsløpet i Brakåsen
Det første O-løpet er onsdag den 11. mai. Me møtast i god tid før kl 18.00. Det er lurt å vere der litt før slik at du kan sjå på kartet og lage ein god plan til 1. post. Følg med på Facebook for å finne ut kor løypeleggjarane har lagt stat og mål.
Både medlemmer og andre O-interesserte er velkomne til ein flott opning av Sommar-Karusellen 2022!

Deltakarpremie til barn og unge
Dersom ein er med i minst 4 av Sommar-Karusellane, får alle barn og unge ein deltakarpremie. Denne blir delt ut på eit medlemsmøte i etterkant av haust-sesongen.

Me sjåast i skogen – kvar onsdag – med kartet i handa
O-helsing frå Suldal O-lag

Her kan du laste ned terminlista for 2022:

No i revidert utgåve.

Legg att eit svar