Vårens Vakraste Eventyr – skule-orienteringa er i gong

Skule-orientering har lang tradisjon i Suldal. Og også i år har Suldal O-lag laga til flotte løyper og opplegg til Sand, Vinjar og Nesflaten skular. Den store skule-O veka er no i komande veke 14 før påske. Tilbakemeldinga frå skulane er flotte, og samtlege elevar, frå 1.- 10 trinn, skal prøve seg med kartet i handa i neste veke. Sjå karta – ved å trykkje les meir.

Ulike kart til dei ulike trinna
På Sand skule har 2 av trinna i småskulen allereie prøvd seg med kartet i handa. I desse klassane er det stjerne-orientering som gjeld. Elevane får ein til to postar innteikna på eit blankt kart, dei prøver å finne retninga til posten først, før dei så løper ut, klipper på posten, og spring så tilbake til læraren. Skattejakt på kart – rett og slett 🙂

Stjerne-O lærarkart på Nesflaten

På mellomsteget og i Ungdomskulen er det lengda på ei sprint-løype som blir oppgåva å prøve seg på. Det viktigaste er å finne alle postane, men nokon vel å ta tida også.

Sprintløype for mellomsteget på Vinjar skule
Sprintløype for mellomsteget Sand skule
U-steget får litt lengre løype

Skule-orienteringa tel med i Kurs i orientering – etter påske
Etter påske tilbyr Suldal O-lag Kurs i orientering. Kurset er både for unge og vaksne, og passar kanskje spesielt godt for heile familier. Alle unge som deltek minst to gonger på kurset, får premie, og her tel altså skule-orienterings-økta med.

Her finn du informasjon om kurs i orientering, 3 onsdagar på rad etter påske:

Legg att eit svar