Tur-Ski-Orienteringa 2022 er klar

I dag er det klart for starten av Tur-Ski-O 2022. Dette er eit gratis tilbod frå Suldal O-lag til alle som ønskjer å prøve seg med kartet i handa på ski i Mosvatn-området, og Hedlebrekk.

Her kan du sjå karta og postane som er brukt i årets Tur-Ski-O 2022. Postane ligg ute no, og fram til fredag 22. april, altså over påske.

Her kan du sjølv laste ned karta som pdf filer. Nokon bruker desse på telefonen for å finne postane.

Post 19 til 40 er på Gullingen-Kartet
Post 1- 18 finn du på Hedlebrekk-kartet

Vinn gavepremier
Om du har funne kode på minst 20 postar, før på namn, adresse, tlf.nr og e-post-adr. på baksida av kartet, og lever kartet der du fekk tak i det. Du kan også sende kartet til Suldal O-lag, Postboks 85, 4239 Sand. (Hugs nok porto). Du kan og sende bilde av kartet med koder som vedlegg. på e-post til styret@suldal-o-lag.no.

Premiering av beste Tur-Ski-O Bilde
Om du tek bilder av deg eller gruppa di på tur etter postane, kan du òg vinne premie for beste tur-ski-O bilde. Send blinkskotet til: styret@suldal-o-lag.no, del bildet på våre facebook-sider eller send som mms til 99025831.

Her ser du bilde frå i fjor.

Ønskjer du å støtte klubben som medlem eller støttemedlem?
Til slutt vil Suldal O-lag gjerne ønskje deg velkomen som medlem, eller støttemeldem i klubben vår. Dersom du ønskjer å bli medlem, kontakt styret i Suldal O-lag.

God postjakt !


Legg att eit svar