Fantastisk! Denne sesongen har det igjen vore mange med på Sommar-karusellane. På listene har 101 små og store O-troll delteke på eit eller fleire O-løp. Det reelle talet er likevel noko lågare då fleire av løparane står oppført i ulike løyper. Men, det er likevel eit heilt fantastisk deltakar-tal denne sesongen!
Kort løype – med flest deltakarar!
I kort-løypa registrerast alle unge som har delteke, og her er alle vinnarar. Foreldre og vaksne som er med dei unge, blir registrert i trimklassen. Heile 32 barn og unge har delteke i kort-løypa ein eler fleire gonger. I tillegg er det 3 unge under 16 år som berre har delteke i mellom-løypa, så totalt er talet 35. Det er fantastisk, og alltid ein målsetting for Suldal O-lag.
Det er også samanlagt premie til alle barn og unge som har delteke på minst 3 av O-løpa. I år er det etter samanlagtlistene 11 barn og unge som skal ha premie. Premieutdeling skjer på medlemsmøtet på vidaregåande skulen på Sand, onsdag 10. november. Meir om dette kan du lese i ein seinare artikkel.
Her finn du no samanlagt lista for Sommar-karusellen 2021 i PDF:
Bildegalleri – Sommar-Karusellen 2021:
OLYMPUS DIGITAL CAMERA 1. Sommar-Karusell 2021 OLYMPUS DIGITAL CAMERA OLYMPUS DIGITAL CAMERA OLYMPUS DIGITAL CAMERA OLYMPUS DIGITAL CAMERA OLYMPUS DIGITAL CAMERA OLYMPUS DIGITAL CAMERA OLYMPUS DIGITAL CAMERA OLYMPUS DIGITAL CAMERA OLYMPUS DIGITAL CAMERA OLYMPUS DIGITAL CAMERA OLYMPUS DIGITAL CAMERA OLYMPUS DIGITAL CAMERA
Og her kan du sjå lista over kort-løypa og trim-klassen:


Fleire unge med i mellom-løypa
Dette er også ein stor klasse, der totalt 25 deltakarar har sprunge eitt eller fleire løp. 15 av desse har 4 løpe eller meir, og Øyvind N. Fjellhaugen har delteke i alle 11 løpa.
Samanlagt vinnar av mellom-løypa i år blei Else Kristin Hilde Krogh. Men yngste dotter Marte Krogh var svært nære, og tok 2. plassen. Nr 3 i løypa samanlagt blei Øyvind N. Fjellhaugen.

Her er bilde av samanlagt lista for mellom løypa:

God deltaking også i Lang-løypa
Det er fleire av dei unge som av og til byter løype og fleire av dei har også prøvd seg i lang-løypa. Lang-løypa er og skal vere både lengre og meir krevjande O-teknisk, så då er det svært hardt å hevde seg i denne løypa. Samanlagt vinnaren er også i år Stig Morten nerheim, med heil 8 sigrar av dei 11 løpa. Men, Tom Steinar Nærheim på 2. plass er ikkje mange samanlagtpoeng bak, og han har 3 av sigrane. Nr 3 i løypa er Jan Erik Kristensen.

Her finn du resultaltista for lang-løypa:

Få med deg medlemsmøtet og Vinter-Karusellen
Onsdag 10. november inviterer O-laget til medlemsfest med premieutdeling, pizza/brus/kaffi, O-bingo og bildekavalkade. Møt fram i kantina på Sauda VGS, avdeling Sand, kl 17:30 Dette blir kjekt!

Veka etter, onsdag 17. november, kl 17:30, er det klart for det første av i alt 6 Vinter-karusell-løp. Me gjentek suksessen frå i fjor, der dette løpet har start og mål frå Speidar-hytta i Medhushaugen. Det blir eit regulært natt-løp i skogen, med postbukker og brikker.
Det er også råd å gå inn i speidar-hytta etterpå og ta seg litt mat.
Alle er hjarteleg velkomne på alle arrangement som Suldal O-lag har i vinter-sesongen.

Dett blir kjekt – møt fram 🙂
Her er lenkje til terminlista for vinter-sesongen 2021-22:
http://wp.suldal-o-lag.no/index.php/2021/11/07/terminlista-for-vinter-sesongen-2021-22-er-klar/