Flott O-avsluttning på Sommar-Karusellen

år har Suldal O-lag hatt heile 12 trenings-O-løp, kalt Sommar-Karusellen. Det 12. og siste løpet gjekk av stabelen onsdag 29. september, frå speidar-hytta i Medhushaugen. Ekstra gledeleg var det at så mange unge stilte til start igjen. Heile 8 unge løparar prøvde seg denne kvelden med kartet i handa. Det er færre enn Suldal O-lag hadde med på vår-sesongen, men no i haust er dette ein solid rekord. Vêret var nydeleg, med litt austavind, og varmt for årstida. Totalt var det 25 personer til stades denne kvelden,inkludert vår faste fotograf Terje Bergjord.

Full rulle i kort-løypa
Og her er alle vinnarar, der målet er å finne fram i løypa utan tidtaking. Den yngste deltakaren her var Tora Hoftun på berre 4 år. Ho fann postane i fin stil i lag med mor og storesøster Mari.

Tora Hoftun – yngste deltakar 4 år 🙂
Vilde Tjøstheim klar på startposten
Signe og Serina i mål

God deltaking i mellom-løypa
I denne løypa finn me løparar i alle aldre, frå 12 år til over 80! Mange konkurrerar mot seg sjølve, der målet er å gå bomfritt gjennom løypa. Men det er også familie-dueller her, der gjerne heile familien stiller til start. Denne kvelden var det ein god familie-duell i familien Krogh. Marte Krogh, yngst i familien, lå ei stund foran mor Else Kristin i løypa, men ein bom på 4.posten gjorde at Else Kristin til slutt vann med snaue 3 minutter. Tredje plassen blei kapra av Ella Tjøstheim og Daniel Bakka i parløp. Dei hadde også ein bom på same posten som Marte.

Else Kristin på siste posten vinnar av mellom løypa denne kvelden!
Marte Krogh i steget frå startposten
Kamp om stamplinga i mål

Spanande finale i langløypa
Denne sesongen har det vore svært jamnt i teten, mellom Stig Morten Nerheim og Tom Steinar Nærheim. Stig Morten har dratt i land dei fleste sigrane, men det har vore svært jamnt mellom desse. Brakåsen-terrenget er ofte utfordrande, og denne kvelden var det heile 15 postar å bryne seg på. Tom Steinar orienterte sikkert og greit gjennom dei fleste postane, og vann til slutt med drøye 3 minutter.

Tom Steinar på siste posten
Vegvalsdiskusjon etter målgong

Skattejakt og grilling etter løpet
Kjekt å få låne speidar-hytta til det siste løpet. Då fekk me ein finn avlutning denne kvelden, med grilling inn og skattejakt for barn og unge ute.

Starten på Skattejakta
Vilde fann skatten og delte med alle 🙂

Godt samarbeid med Suldals-speidarane og skulane i Suldal
Me i O-laget har hatt eit samarbeid med fleire av speidar-laga i Suldal, men spesielt med speidarane i Vinjar krets. Me har fått låne den nye speidar-hytta fleire gonger dei siste åra, noko som me er svært glade for. No på laurdag brukte også speidarane O-løypene våre. Heil 16 barn i 4.-5 klasse på Vinjar skule fekk prøve seg med kartet i hande denne laurdagen. I neste veke skal sannsynlegvis 6. og 7. trinn prøve seg med kartet i handa som skule-orientering. Totalt kan det dermed bli så mange som mellom 70 og 80 unge og vaksne som har prøvd løypene i Brakåsen no på tampen av sesongen.

Suldal O-lag ønskjer alle som har delteke i eit eller fleire av treiningsløpa ein stor takk for innsatsen. Og snart er det klart for Vinter-Karusellen. Den byrjar i starten av november, og me håper å kunne invitere til natt-O-løp frå speidar-hytta som i fjor. Me sjåast då!

Resultatliste 12. Sommar-Karusell, Brakåsen, 29.09.2021:

Kort Løype 1,4 KM :
PlassNavn

1Hoftun, MariFullført
1Hoftun, ToraFullført
1Tjøstheim,VildeFullført
1Kjetilstad, Serina L.Fullført
1Hoftun, SigneFullført
Mellom Løype, 1,5 KM:
PlassNavnTid
1Krogh,Else Kristin Hilde26:21 + 00:00
2Krogh,Marte29:18 + 02:57
3Bakka,Daniel31:40 + 05:19
3Tjøstheim,Ella31:40 + 05:19
5Myklebust,Kari36:57 + 10:36
6Myklebust,Torkel37:09 + 10:48
7Malerbakken,Odd Rune38:10 + 11:49
8Fjellhaugen,Øyvind Nærheim43:12 + 16:51
9Nerheim,Magnar54:08 + 27:47
10Nærheim,Albert55:20 + 28:59
Lang Løype, 1,9 KM:
PlassNavnTid
1Nærheim,Tom Steinar29:15 + 00:00
2Nerheim,Stig Morten32:33 + 03:18
3Odden,Alf46:42 + 17:27
4Willig,Heine Mo50:04 + 20:49
5Willig,Michael1:06:57 + 37:42
TRIM:
Navn

Nærheim,JonFullført
Hoftun,Solfrid FøldøyFullført

Legg att eit svar