Stor pågong for å løpe 7. Sommar-Karusell på Sandsa

10 spreke o-løparar fekk med seg oppstarten av haustsesongen i strålande solskin ved Sandsavatnet onsdag 25. august. Og no mot helga er det nesten tomt for kart i alle løypene. Det betyr at det blir svært god deltaking til slutt på det første løpet i haust-sesongen.

Tom Steinar tek inn postane frå kl 18:00 søndag kveld, men fram til det, kan du enno ta turen. Les meir og finn karta i pdf. Michael på Sand har lagt ut brikker utanfor huset sitt.

Her finn du no karta for 7. Sommar-Karusell i pdf:

God deltaking i Lang-løypa på onsdagen
3 løyper var klare i terrenget aust for Sandsavatnet, men denne kvelden var det den lengste løypa som var mest i vinden. Stig Morten Nerheim og Tom Steinar Nærheim var i ein klasse for seg. Stig Morten vann til slutt med omlag eitt minutt.

Her finn du online resultat for løpet:

http://www.suldal-o-lag.no/resultat/2021/0825-sandsa/

Postane vert liggjande ute fram til søndag ettermiddag, så du har framleis sjansen til å delta i løpet. Full resultatliste kjem etter kvart.

Legg att eit svar