Sol og varme på Siste Sommar-Karusell før ferien

Onsdag 16. juni var det klart for den 6. og siste o-karussellen før sommarferien. Det var laga til tre løyper i området rundt og ovanfor Gullinghuset. Starten på lang- og mellomløypa var lagt til Bålstova ovanfor idrettsbanen til leirskulen. På førehand var det reklamert med at det berre skulle vere utforbakke i løypene, men dei tre – fire første postane på lang og mellom løypa, frå Bålstova og opp til Driftaskar, fekk nok pulsen opp i raudfeltet for noen. Vidare ute i løypene var det stort sett grei topografi ned til samlingsplassen ved Gullinghuset. Men postane var mange, og dei sto tett, slik det skal vere på eit sprintløp. Og med kart i målestokk 1:5000 er det fort gjort å ta seg litt for raskt fram, og dermed måtte snu når ein oppdager at posten er passert.

Her finn du online resultat og strekktider – Me håper de kjem fleire på lista etter kvart 🙂
http://www.suldal-o-lag.no/resultat/2021/0616-gullingen/

Fra samlingsplassen før start – Familien Lunde Bakka og O-veteranane Magnar og Michael

I langløypa var det fire til start. Se resultatliste anna stad på sida. Som vanleg var Stig Morten Nerheim i ein eigen divisjon og kom inn på 26:05, men Jan Erik Kristensen heng godt med og blei nr. 2 med 34:07, foran Magnus Bakka og Michael Willig.

Stig Morten stemplar i mål
Denne karen var mykje i Red Zone…. denne kvelden 😉

I mellomløypa var det heile 14 løparar. Her var Thomas Bakka suveren, med tida 27:27, og han hadde då god margin til Torkel Myklebust som kom på 2. plass med 37:14. På søndag løp Else Kristin H. og Marte Krogh parløp, og dei plasserte seg som nr 3 i løypa, like før Simon Bakka, på 40:18. Og litt lengre ut i lista finn vi enda ein Bakka, nemleg Daniel, som også fekk ei god tid. Det lover godt for rekrutteringa i laget at vi har så mange unge og spreke løparar. Det same gjeld på jente-sida, her var Nora og Silje Nerheim med og viste at dei har orienteringsgener i familien.

Thomas Lunde Bakka klart raskast i mellom-løypa
Torkel – formann i Suldal O-lag og nr 2 i mellom-løypa denne kvelden
OLYMPUS DIGITAL CAMERA
Nora og Silje, nedanfor, Nerheim spring lett i motbakkane, og var godt nøgde med kvelden!
OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Fortsatt mogleg å ta løypene
Det var ingen som tok kortløypa denne kvelden, men alle tre løypene står ute for sjølbetjening til og med søndag kl. 17. Du finn kart og brikker på samlingsplassen, under ei bu! Sjå eigen info om dette her:
https://www.facebook.com/SuldalOlag/photos/a.818162231571387/4078925852161659/

Den store Skattejakta
Kvelden blei avslutta med skattejakt i nærområdet, skatten blei delt på alle frammøtte og inneheldt gullpenger med god sjokolade.

Frå starten av den store Skattejakten
OLYMPUS DIGITAL CAMERA

God sommar til alle, og vel møtt til neste O-karusell etter ferien.


Arrangørar var Ingrid N. Lyftingsmo og Reidar Blesvik (ref.)

Legg att eit svar