Første Finn Fram dagen med Suldal O-lag

Søndag 6. juni hadde Suldal O-lag Finn Fram dag, saman med Barnas Turlag 🙂 Dette er første gong Suldal O-lag har eit slikt arrangement, men det blir ikkje det siste! Vêret var også med oss. Litt fuktig i graset, men etter kvart kom sola fram, og det blei ein strålande dag 🙂

Klare til tyr-løypa 🙂

Totalt 34 deltakarar og arrangørar møtte opp kl 10:30 🙂 Først prøvde barn og vaksne seg på å finne «skattane» i Turløypa, og det gjekk bra, sjølv om arrangøren hadde rota litt med talkodane på skjermane 😉

Kartet er med – og dei fann fram 🙂
Fint på Mostølmoen!

Høgdepunktet – Skattejakta del 1 og 2
Etter ein liten matpause, var det klart for 2. økta – Skattejakta !
Ungane var heilt i 100 og sprang rundt mellom furutreadn på Mostølmoen, på leit etter 8 postar 🙂

Starten på Skattejakta del 1 !

Dei små «piratane» hadde med seg eit kontroll-ark, og når dei fann ein post, skulle dei finne det rette dyret. Då var det berre å stikke eit hol med ein pinne, før det var full fart på leit etter neste postmarkering 🙂 Området var fint avgrensa av gjerder og sti. Litt naturkjennskap blei det også.. Postane hang berre på furutre i skogholtet, Så då var det å lære seg å kjenne igjen denne tretypen 🙂 Litt samarbeid og hjelp blei det også, med spørsmåla: » Har du funne piggsvinet?, og «kor er elgen» 🙂

Ikkje berre lett å stikke hol i ait ark med ein pinne….
Kontrollskjemaet med hol i !

Då alle hadde funne postane, og stolt vist fram kontrollarket, var det klart for å leite etter «Sjørøvar-kista». Ungane fann etter kvart ut at det nok var Magnar og Jan Erik frå Suldal O-lag som var «piratane som hadde gøymt skatten 🙂

Skatten er funne !!!

«Skattekista ligg gøymt bak ein Brakjebusk, utover mot vatnet», fortalde den eine piraten, Og ungane sprang avgarde og kikka bak kvar ein einebuske.. 🙂
Til slutt var det likevel Birk G. Bråtveit som fann «Sjørøvar skatten med «Gullpengane» i. Alle ungane skulle så dele gullpengane, som var av den brune søte typen 🙂 Det gjekk også flott.

Klar for deling av skatten 🙂
Gullpengane smatke godt… 🙂

På spørsmål om fleire slike dagar, var svaret unisont ; JA 🙂
Takk til Barnas Turlag for godt samarbeid 🙂

Med gull-glimt i augene… 🙂

På Facebook-sida vår, ser du fleire bilder frå denne flotte dagen 🙂
https://www.facebook.com/SuldalOlag

Legg att eit svar