God O-trim ved Augnastølvatnet

Over førti O-løperar fekk seg ein fin trim og turopplevelse i det flotte terrenget ved Augnastølsvatnet sist onsdag. Her er fin myr, små og store kollar, åpne landskap og fine småvatn som gir gode ledelinjer å følgja på kartet mot postane.

Korleis fungerar orienteringsløpa i Suldal O-lag?
På løpa er det valgfrie løyper, denne gongen på 1,1 km, 2,2 km og 3,3 km, og med stigande vanskegrad, gjer at den enkelte sjølv kan velja løypa etter eige nivå. Vidare er det ingen aldersklassar, så her knivar både unge og eldre i lag. Nokre konkurrerer mot kvarandre, og mange tar turene som god trim.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

I kort og nybegjynnerløypa sprang Eirik Hoftun Ronold frå både far og bestefar i sluttspurten, Jenny-og Anna Østebø traff prikkfritt på alle postane. Frida S. Ørjasæther hadde god kontroll og høg fart i løypa saman med stødig ledsager. Simon Bakka og Vilde Tjøstheim sprang begge på eigenhånd og begge synte gode ferdigheter for kart og terreng med raske løpstider.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA
OLYMPUS DIGITAL CAMERA
OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Stor konkurranse i mellomløypa
Med heile 18 deltakerar i mellomløypa vart det mange tette duellar. Dei to som imponerte mest denne kvelden var dei relativt ferske mellom løype løperane, Ella Tjøstheim og Marte Krogh. Desse to raste gjennom den 2,2km lange løypa på henholdsvis 22:28 og 22:57. Nærast og tett på følgde Marit Eikeland også med ei solid tid på 23:11.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA
OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Høgt spenningsnivå i langløypa
I langløypa har det vist seg å vera høgt spenningsnivå då fleire at toppløperarne har gått på kvar sine smellar med disk pga. feil post. i løpet av dei 3 første konkurransane. Denne kvelden var det Kåre Myklebust som kom feil ut og med ellers god tid fekk disk. Duellen om førsteplassen stod då mellom Tom Steinar Nærheim som ikkje traff i Stegåsen og den rutinerte Jan Erik Kristensen. Jan Erik bommar sjeldan på postane, men synes motbakkar i myr er tungt…. likevel valgte han denne gang å ta eit tyngre vegvalg på langstrekket og mista seieren til Tom Steinar som også hadde hatt sin bom og tidstap tidleg i løpet. Thomas og faren Magnus Bakka som er ferske i O-løypene i år sprang langløypa i saman, desse vil bli gode utfordrarar i tida som kjem når kart og terreng stemmer, for farten er det ingenting å seie på…

OLYMPUS DIGITAL CAMERA
OLYMPUS DIGITAL CAMERA
OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Løypeleggjar og arrangør denne gong var Stig Morten Nerheim.

Her finn du online tider og strekktider for 4. Sommar-Karusell:
http://www.suldal-o-lag.no/resultat/2021/0526-augnastol/

Legg att eit svar