Supre sprintløyper i Stegåsen

Onsdag 19. mai var det klart for 3. Sommar-Karusellen. Denne gongen som sprint. Øyvind og Jon hadde laga til flotte og krevjande sprintløyper, og deltakarane fekk køyrd seg i å halde rede på retninger til neste post. Vêret var med oss også denne gongen, og med dei som løp fram til søndag, har me registrert 27 deltakarar. Igjen er det mange unge med, noko som er ekstra gledeleg.

Den 3. Sommar-Karusellen er også registrert i Verdens O-dag
Suldal O-lag er 1 av 2 klubber som har reistrert deltakarar på sør- og vestlandet! Og våre 27 deltakarar er med i statisktikken. Totalt har over 700.000 deltatt på WOD-21.
Her finn du lenkje til denne sida: World Orienteering Day 2021

Vegvalsdiskusjon etter løpet 🙂

I kortløypa er alle vinnarar, men ein kan finne brikketider også på desse. Sjå lenkja under.

Marte og Vilde studerar kartet før start


I mellom-løype var det Magnus Bakka som var klart raskast. Denne gongen sprang han aleine, då gutane prøvde seg aleine i kort- og mellom-løypa. Han må ha truffet postane svært bra, med nesten ingen bomming. Det kan ein også sjå på strekktidene, der han har beste tid på nesten alle postane.

Magnus i ivrig vegvals-diskusjon med Else Kristin og Stig Morten

Det same gjeld vinnaren i Langløypa; Stig Morten Nerheim. Han sprang sikkert og godt, men dog ikkje heilt bomfritt han heller. Det var kjekt å få med Kåre Myklebust igjen i løypene. Han orienterte også godt, og midtvegs i løypa leda han over Stig Morten ei stund.

Her finn du brikketidene. Du kan gå inn på strekktider og samanlikne deg med andre her:
http://www.suldal-o-lag.no/resultat/2021/0519-stegasen/

Og her finn du fleire bilder frå den flotte kvelden i Stegåsen:
https://www.facebook.com/SuldalOlag/photos/pcb.3998153143572264/3998152310239014

Resultatliste 3. Sommar-O-Karusell
Stegåsen, 19.05.21

Kort løype, Løypelengde: 1,1 KM Antall poster: 10
PlassNavnTid
1Bakka,SimonFullført
2Bakka,DanielFullført
3Tjøstheim,VildeFullført
4Eikeland,HåvardFullført
5Evju,Brage WilligFullført
5Evju,Mats WilligFullført
Mellom, Løypelengde: 1,7 KM Antall poster: 10
PlassNavnTidPoeng
1Bakka,Magnus25:54 + 00:001000
2Myklebust,Torkel36:01 + 10:07719
3Krogh,Marte38:56 + 13:02665
4Krogh,Else Kristin39:08 + 13:14661
5Krogh,Raymond41:46 + 15:52620
6Myklebust,Kari53:53 + 27:59480
7Malerbakken,Odd Rune55:36 + 29:42465
8Tjøstheim,Ella59:12 + 33:18437
9Bakka,Thomas59:14 + 33:20437
Lang, Løypelengde: 2,2 KM Antall poster: 12
PlassNavnTidPoeng
1Nerheim,Stig Morten29:25 + 00:001000
2Myklebust,Kåre34:35 + 05:10850
3Kristensen,Jan Erik40:17 + 10:52730
4Nessa,Sveinung46:49 + 17:24628
5Willig,Michael1:06:53 + 37:28439
TrimNærheim,Tom Steinar0
TRIM, Løypelengde: 1,1 KM Antall poster: 10
PlassNavnTid
1Mo,AnneFullført
1Nerheim,MagnarFullført
1Willig,MichaelFullført
1Marit EikelandFullført
Løypelegger/Arrangør:
1Øyvind N. Fjellhaugen
1Jon Nærheim

Legg att eit svar