Tur-ski-O 2021 – flott deltaking

Årets utgåve av Tur-ski-orienteringa blei spesiell. Postane blei lagt ut rett før vinterferien i Rogaland, og så forsvann skiføret. Snøen kom og forsvann igjen rett før påske, men likevel har 25 deltakarar levert inn kart. På Suldal O-lag sitt styremøte, 3. mai i år, blei det trekt ut 2 premier blant deltakarane. Beste innsende bilde blei også kåra.

Suldal O-lag er einaste O-klubb i Rogaland som har tilbod om tur-ski-orientering. Dette er eit lavterksel tilbod til alle som ønskjer å finne fram til nye stader i og rundt løypenettet under Gullingen. Nytt i år var poster lagt ut i Heldebrekk-området, og det gav god respons. Vidare er tur-ski-orienteringa eit gratis tilbod, for både fastbuande, hyttefolk og andre på vinterferie i Suldal.

2 gåvekort blei trekt blant deltakarane
Trekning av deltakerpremie ble gjort digitalt, og dei heldige vinnarane blei Magnar Nerheim og Marit Helland. Begge lokale, og Magnar er godt kjend i O-laget, og i området for øvrig 😉

Kåring av beste innsendte Tur-Ski-O bilde
I år kom det fleire gode blinkskot frå deltakarane inn til styret i O-laget. Under kan du sjå alle dei innsendte bilda. Juryen falt for bildet med og av Anna Tomine Laupsa. Sjå blldet øvst i artikkelen. Anna Tomine får eit gåvekort i posten.

Styret i O-laget gir alle vinnarane eit gavekort på 250 kroner.
Me takkar for alle som deltok, og ikkje minst bildene som kom inn.

A2_Post-27.jpg

Picture 1 of 14

Legg att eit svar