Suldal O-lag hadde førre onsdag, den 5. mai, sesong-opning av Sommar-O-Karusellen 2021. Det blei verkeleg ein pangstart. Totalt var det heile 58 deltakarar som møtte fram. Rett og slett fantastisk. Det er ikkje langt unna rekord-deltaking gjennom 40 år med Suldal O-lag. 53 av desse kom på onsdags-kvelden, der alt lå til rette for ein flott løps-kveld. Dei siste tok løypene fram til søndag føremiddag. Spesielt gledeleg er et at så mange unge har fått smaken på å springe i skogen med kartet i handa. Denne onsdagen var det 26 barn og unge med. Det er også ny rekord!
Fantastisk deltaking i den kortaste løypa I kortløypa møter du dei unge løparane, og her er alle vinnarar. Nokon av desse har vore med ein del år no. Dei spring gjenre løypa på eigenhand. Andre er så vidt begynt med orientering. Her går gjerne heile familien i lag, på jakt etter postane. Det blir skattejakt, med kart, noko dei unge O-trolla har stor glede av. Totalt var nær halvparten av alle deltakarar å finne i den kortaste løypa når me tek med foreldra. Desse blir registrert på trim. Men, det er plass til fleire familier ute i skogen. Bli gjerne med neste onsdag, sjølv om du ikkje har vore med før. Alle er velkomen til å prøve seg. Du vil også få veiledning i å bruke kartet.
OLYMPUS DIGITAL CAMERA
Mange med i mellom-løypa Suldal O-lag har kvar onsdag 3-4 ulike løypetilbod å velgje mellom. Mellom-løypa har relativt krevjande orientering. Det er ikkje mykje som skil denne løypa frå lang-løypa, bortsett frå løyplengda. Her finn du dei unge som har tatt steget vidare frå kort-løypa, gjerne i tett duell med far og mor i same løypa. Her blir også løparane rangert etter tida, men du kan også velje å ta løypene som trim. Denne kvelden var det Simon Bakka, i samløp med far Magnus Bakka som var raskast. Begge hadde løperbrikke, dei sprang saman, og stempla i mål. Det er då godt gjort å få nøyaktig same tid, etter ti postar. 2.-4 plassen blei denne kvelden ein rein familieduell mellom familien Krogh. I mål var det mor Else Kristin som var raskast. Far Raymond slo likevel datter Marte, og blei nr 2 i familien denne kvelden. Løypa hadde totalt 17 deltakarar, med ein god spredning i alder på dletakarane. Men det er også litt av sjarmen i denne sporten.
OLYMPUS DIGITAL CAMERA
Gode løpstider i Lang-løypa Med heile 15 postar, var det mange moglegheiter til å stemple på feil post, eller å gløyme ein av postane. Det viste seg å bli resultatet for 3 av dei 7 deltakarane denne kvelden. Tom Steinar Nærheim vann løypa. Stig Morten Nerheim var tidsmessig under minuttet bak, men ein feilstempling på post 8 gjorde at det denne kvelden blei trim. Det blei dermed tidsmessig lang avstand til 2. mann i løypa, Jan Erik Kristensen.
Premiering av kurs i Orientering 2021
O-løp kvar onsdag i mai Det 2. løpet i trenings-karusellen er no i kveld, onsdag 12. mai. Arrangøren har trykt meir kart, og me øsnkjer alle som har tid og anledning velkomne til ein tur med kartet i handa. Start og mål er ved kalkings-stasjonen i Mosåna, midtvegs mellom dalen og Mosvatnet/Gullingen-området. Men skulle du ikkje ha anledning til å stille onsdags kvelden, kan du ta løypene heilt fram til søndag. Kart kan du trykkje sjølv frå heimesidene til Suldal O-lag. Me håper at så mange som råd stiller også denne kvelden. Velkomen til ny dyst i løypene.