Vårens Vakraste Eventyr – O-løp-sesongen startar

Endeleg er våren og O-løpa i skogen her – er du klar ?
Koamnde onsdag 5. mai startar Suldal O-lag opp med trenings-O-løp i skogen med 1. løpet i Sommar-Karusellen 2021.
I år kan du vere med på heile 12 trenings-O-løp, og alt er gratis. På kvart løp kan du velgje mellom 4 ulike løyper med ulike lengde og vanskegrad. Alle løypene kan takast som trim – utan tidtaking, om du skulle ønskje det. Her finn du no terminlista for sommar-Karusellen 2021.

Opnings-løpet frå speidar-hytta i Medhushaugen
Det første O-løpet er onsdag den 5. mai. Me møtast ved speidar-hytta kl 18.00. Det er likevel lurt å vere der litt før slik at du kan sjå på kartet og lage ein god plan til 1.post. Smittevernet er ivareteken ved at alle må vere friske, halde avstand til andre, og bruke handsprit. Ta med deg heile familie-kohorten din og møt fram til ein flott oppleving i skogen bak speidar-hytta.
Me ønskjer også velkomen alle medlemmer til ein flott opning av Sommar-Karusellen 2021.

Flott plass for opningsløpet i Sommar-Karusellen 2021

Deltakarpremie til barn og unge
Dersom ein er med i minst 4 av Sommar-Karusellane, får alle barn og unge ein deltakarpremie. Denne blir delt ut på ein arrangement i etterkant av haust-sesongen.

Mange med i Skule-Orienteringa etter påske
Suldal O-lag har etter påske arrangert skule-O i samarbeid med Sand, Vinjar og Nesflaten skular. Og deltakinga i år har vore fanstastisk. Bortimot alle elevane på skulane har delteke med liv og lyst, på jakt etter postane rundt skulegården og i skogen. Tilsaman har nær 500 elevar frå 1.- 10 klasse delteke ein eller to gonger på skule-orientering, til no.
Alle elevar er hjarteleg velkomne til å prøve seg meir med kartet i handa gjennom heile vår- og haustsesongen i Sommar-Karusellen til Suldal O-lag.

Premiering av Vinter-Karusellen og O-kurs på 1. Sommar-Karusell
Har du ikkje fått premien din for Vinter-Karusellen 2021 ? Me overrekkjer denne på 1. Sommar-Karusellen no på onsdag. Det blir også utelding av kursmedaljar for O-kurset her.

Me sjåast i skogen – kvar onsdag – med kartet i handa
O-helsing frå Suldal O-lag

Her kan du laste ned terminlista i PDF:

Legg att eit svar