Flott avslutning på kurs i Orientering 2021

Kurs i Orientering 2021 er vel i hamn. Totalt har 45 deltakarar vore i aksjon ein eller fleire gonger på dei 3 kursdagane/vekene. 17 barn og unge har delteke, og 13 av desse skal få premie for fullført O-kurs 21.

Korona-start på kurset
Den 1. kurskvelden i veke 15 i Brakåsen, blei gjort om til kurs-veke grunna corona-reglane. Det var likevel 23 ivrige O-troll i varierande alder som fann vegen til Mehushaugen i løpet av veka. Mange av dei prøvde seg med kartet i handa til skogs for første gong i år. Godt å koma i gong.
På Markosvatnet i veke 16, var det igjen mogleg å ha arrangement uandørs med inntil 200 deltakarar.. Så mange kom ikkje på kursdagen, men 17 O-folk var med gjennom onsdagen og resten av veka.
På Joagarden barnehage blei det derimot fleire som møtte fram, og me fekk ei flott avlsuttning på kurset. Kjekt at familien Nessa frå Jelsa var med. Det gav visst meirsmak, og me håper å sjå heile familien igjen på Sommar-karusellane. Totalt var 19 med denne kvelden.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA


Skule-orientering tel med i O-kurset
Og i år har dette vore ein kjempesuksess. Til no har nær 500 elevar hatt skule-Orientering, del 1. Fleire av trinna på Sand skule har også hatt nesten dei same kurs-løypene i veke 17. Rykta går på at einkilde i 8. trinnet hadde hatt seg nokre bomturar, men det er jo litt av sjarmen med Orientering. Vinjar skule får tilbod om å prøve løypene frå 1. Sommar-karusellen på torsdag og fredag i veke 18.

Premiering av Vinter-Karusellen 2021 i starten av 3. kurskveld
6 unge O-troll har fått sine prmeier for Vinter-Karusellen. Her kand u sjå bilde av nokre av dei. Me gratulerer Marte Krogh som vinnar av mellom-løypa i årets Vinter-Karusell. Dei som ikkje har fått premien sin, får denne på 1. Sommar-karusell ved speidar-hytta.

Marte Krogh – Vinnar av mellom-løypa Vinter-K. 2021

Deltakarliste og premiering
Her er bilder av deltakerlista og nokre blinkskot frå den 3. kvelden i Stegåsen👏
Premier for kurset delast ut på 1. Sommar-Karusellen, onsdag 5. mai, ved Speidar-hytta på Suldalsosen 😃👏

Legg att eit svar