Skule-O 2021 – Super Start på Våren

Våren er i anmarsj, og i denne veka har Sand, Vinjar og Nesflaten skular hatt nær alle elevane der, i aksjon på årets Skule-Orientering. Suldal O-lag har laga til ulike løyper til alle skulane, og det rapporterast om stor aktivitet og masse smil på jakta etter post-skjermane, med kartet i handa.
Skule-O avsluttast måndag 12. april. Då skal nær 80 unge O-troll i 1.-4 trinn på sand skule ha stjerne-O i skule-området rundt Sand skule.

Under vil du etter kvart finne meir om Skule-O for desse skulane, og du kan også sjå karta som er brukt i Skule-O.

Nær 100% deltaking på Skule-O del 1
Tilsaman har det vore nesten 450 barn og ungdom, frå 1.-10. klasse, som har delteke i den første delen av årets Skule-O. Og lærarane rapporterer om stor aktivitet smilande elevar rundt om i skule-områda.

No har også 1.-5 trinn på Sand skule hatt stjerne-Orientering. Rapporteringa frå lærarane der er at dei ser at elevane meistrar kartlesininga betre og betre for kvar gong!
Full fart på leit etter postane!

Gjennomgong av kartet før start – på Sand skule
Posten er funne 🙂
Kor skal me no?

Skule-O tel med i Kurs i Orientering
Kjekt med O-løp ? 🙂
Alle som har vore med på Skule-O i vår, kan få denne O-økta med seg for å få deltakar-premie på årets Kurs i Orientering.
Her kan du finn meir om Suldal O-lag sitt kurs som startar i veke 15.
lenkje….

Me håper på å få tilsendt bilder frå skulane. Desse blir lagt ut her. Det blir sannsynlegvis også ein artikkel om skule-O i Suldalsposten.

Her kan du sjå karta som er brukt på dei ulike skulane:

Sand skule:

Vinjar skule:

Nesflaten skule:

Legg att eit svar